Huldra (utsnitt av tegning fra 1891-1892)

Ei hulder som strikker, ein kan sjå at ho har kuhale. Teikninga er frå Theodor Kittelsens Troldskab.

Av /Nasjonalmuseet.

Huldra er ein fantasifigur frå folketrua.

Det er fleire eventyr om huldrer. I nokre historier gjer ho slemme ting, i andre er ho til god hjelp.

Beskriving

I eventyra blir huldra beskrive som ei vakker, ung kvinne. Som oftast har ho langt, lyst hår. I mange historier prøver ho å lokke til seg unge menn.

Huldra ser ut som ei vanleg kvinne. Men ser ein godt etter, kan ein sjå at ho har ein hale, liksom ein kuhale. Halen stikk fram under skjørtet.

Huldra dukkar opp i naturen, i skogen eller på fjellet. Ho kan både komme fram og forsvinne raskt. Ofte har ho med seg dyr som kyr eller sauer. Ho er flink med dyra.

Kva huldra gjer

I nokre eventyr tar huldra med seg mannen ho har lokka til seg inn i fjellet. Det blir kalla å bergta nokon. Berg er eit anna ord for fjell. Ein mann som blir bergtatt må i følge eventyra bu i fjellet resten av livet.

Huldra tar også med folk til farlege stader. Ei myr er farlig viss ein sett seg fast. Då kan dei som følgjer etter huldra drukne. Det er også historier om at folk ikkje finn vegen tilbake, fordi huldra plutseleg blir borte. Nokre gongar stel ho menneskebarn, og byttar dei ut med sine eigne barn. Desse blir kalla byttingar.

Folk kan også få hjelp av huldra. Jegarar gir små gåver til huldra, for å få lukke i jakta.

I nokre historiar seier ho ja til å gifte seg med ein av mennene ho lokkar. Då mister ho halen i kyrkja, og blir til eit vanleg menneske. Då kan ho bli mor til vanlege barn.

Historiene om huldra handlar ofte om ting menn er redde for. Huldra har store krefter som kan tvinge menn som oppfører seg dårleg til å bli snille. Viss mannen til huldra ikkje er snill, kan ho gjere seg stygg. I eventyret Farlig å slå vrak på huldra blir ho forelska i ein ung gut. Men han vil ikkje ha ho, fordi han veit at ho er hulder. Etterpå finn han seg ingen andre. Han ender opp som ulukkeleg ugift.

Namn og bruk

Namnet hulder kjem frå andre ord som tyder dekt eller hemmeleg. I gamle skandinaviske forteljingar er det også ei trollkvinne som heiter Huld.

Fleire forfattarar har skrive om huldra, den mest kjende er Henrik Ibsen. Den grønkledde i Peer Gynt er ei slags hulder, ho lokkar hovudpersonen inn i fjellet.

Nokre ser i dag mange positive ting med huldra. Ho lever nær naturen, og ho får krefter derifrå til å gjere forskjellige ting. Dessutan er ho ei sterk kvinne som ikkje let menn bestemme over seg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen