Teikning frå 1870, «The Witches' Ride»
Hekser på sopelimer.
Teikning frå 1870, «The Witches' Ride»
Av .

Heks er ein person som driv med trolldom eller magi. I magi og trolldom gjer ein hemmelege, spesielle ting for å få noko til å skje. Det finst ikkje bevis for at trolldom eller magi går an.

Ordet heks er tysk, og kan ha noko å gjere med «skog» eller «hekk». Det blei først brukt om ein person som var skulda for å skada åkeren til naboen.

Lenge brukte ein ikkje ordet «heks» i Noreg. Ein sa heller trollkvinne, og om ein mann sa ein trollmann. Frå 1800-talet kunne ein lese norske folkeeventyr i bøker. Der er det både hekser og trollkvinner. Då blei «heks» eit meir vanleg ord å bruke.

Hekser i historien

I perioden 1500–1800 blei fleire kvinner skulda for å vere hekser. Ein trudde for eksempel at desse kvinnene kunne gjere folk sjuke eller kalle fram dårleg vêr. Folk var veldig redde for hekser på denne tida, og trolldom var straffbart. Fleire personar blei brende på bål fordi folk trudde dei var hekser eller trollmenn. Dette er kalla hekseprosessane eller trolldomsprosessane.

Hekser i eventyr

Hekser i eventyr er ofte gamle og stygge. Dei har lang og krokete nase, og nokre har ein spiss svart hatt. Hekser driv med magi, og nokre flyg i lufta på ein sopelime. På spesielle netter samlar dei seg til store heksemøter. Den mest kjende møteplassen heiter Bloksberg.

Hekser i filmer og bøker

Det finst mange forteljingar om oppdikta hekser. Roald Dahls bok Heksene, for eksempel. I historiene om Harry Potter er det mange som driv med magi og trolldom. Der flyg dei også på sopelimer. Det er vanleg å kle seg ut som heks på halloween og karneval.

Hekser i dag

Wicca er namnet på ein moderne religion. Dei fleste som driv med dette, kallar seg sjølve for hekser. Mange av dei brukar mykje tid ute i naturen. Dei har møte på spesielle dagar i året, for eksempel ved vintersolverv og under fullmåne. Det finst òg personar som vel å kalla seg hekser uten å vere med i ein bestemd religion.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • eventyr
  • troll
  • hekseprosessene

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen