Diverse frukt og grønnsaksjuice i ulike glassbeholdere. Foran ligger forskjellige frukter, blant annet melon, drue, blodappelsin, jordbær, kiwi, morell og ananas. Foto
Juice frå frukt er populær drikke over heile verda.
Shutterstock.
Sitroner på et tre.

Sitroner er ein etande frukt som smaker surt.

Fotografi
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Frukt blir danna i blomane til plantar. Det er vanleg at ein bruker ordet frukt om dei søte eller syrlege fruktene som finst i butikken.

Nokre frukter kan etast og kan smake søtt eller surt. Nokon kan etast som dei er, andre blir brukte som ingrediens i matretter, eller brukast til å lage syltetøy og jus.

Frukt som ikkje smaker så søtt, og som ein bruker mest til middag, kallar ein ofte for grønsaker. Til dømes tomat, som er frukta av tomatplanten.

Typar

Frukt er eit samleomgrep på plantedelar som har frø. Dei blir danna i blomane til plantane. Frukt finst alle stader i verda der det veks plantar som har blomar. Ikkje all frukt kan etast, og nokre frukter er giftige.

Nokon plantar blir dyrka på grunn av fruktene. Noka frukt finst det naturleg mange typar av, andre typar har menneske dyrka fram. Ingen veit sikkert kor mange fruktsortar som finst i verda.

Eple er eit døme på ei frukt med mange tusen sortar. Sortane kan ha ulike fargar, som grøn, gul og raud, og dei kan smake ulikt.

Bruk

  • Mykje frukt kan etast som ho er.
  • Fruktar kan brukast i dessertar og kaker.
  • Ein kan lage saft eller syltetøy. Dette heiter å sylte.
  • Frukt kan tørkast. Døme på tørka frukt er dadlar, fiken, aprikos og rosiner.
  • Viss fruktsaft gjærar, blir sukkeret i safta gjort om til alkohol. På denne måten blir druesaft til vin, og eplesaft til sider.

Frukt i Noreg

Fotografi
Eple blir dyrka mange stader i Noreg. Her ved innsjøen Eikeren på grensen mellom Buskerud og Vestfold.
Fotografi
Av /NTB.

I Noreg dyrkar ein fleire typar frukt, som eple og plomme. Nokre frukter veks ikkje like godt i det kalde klimaet i Noreg. Derfor kjem frukter som appelsin, banan, kiwi og melon ein kan kjøpe i norske butikkar frå utlandet. Dei vert dyrka på plantar som veks i område med høg temperatur, som i landa rundt Middelhavet og sørover mot ekvator.

Næringsinnhald

Frukt inneheld store mengder vitamin, som kroppen treng mykje av for å halde seg frisk. Helsedirektoratet, som gir råd om helse til alle som bur i Noreg, seier at alle bør ete fem porsjonar frukt og grønsaker kvar dag. Ein porsjon frukt kan for eksempel vere eit glas jus eller ein banan.

Frukt i botanikken

Det er vanleg at folk snakkar om frukt og bær som ulike ting. I botanikken, som er vitskapen om plantar, blir frukt brukt om plantedelane som inneheld frø. Fruktene blir danna i blomane til plantane, og kan sjå veldig ulike ut.

I botanikken er derfor frukter delt inn i fleire kategoriar:

  • Bær er kjøttfulle og inneheld ofte mange frø. Til dømes er blåbær eit bær. Det same er agurk, graskar og vassmelon.
  • Steinfrukter er kjøttfulle frukter som vanlegvis inneheld eitt frø. Morellar og plommer er døme på steinfrukter.
  • Nøtter er frukter med hardt skal rundt frøet. Hasselnøtt er døme på nøtt.
  • I nokre frukter er botnen av blomen svulma opp og utgjer det ein kallar frukta. Desse heiter hjelpefrukter, og eple og jordbær er døme på slike.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet