Bilete av eit baobabtre med gnuar og sjiraffar rundt. Treet er omtrent 8 gongar så høgt som ein sjiraff.
Botanikarar studerer alt frå svære tre, som dette baobabtreet i Tanzania, til bittesmå blomar.
Bregner

Botanikarar kartlegg ofte ulike typar planter av same art og finn ut korleis dei er i slekt. Figuren syner ulike bregner, der ein har teikna ulike typar med kva som er særeigent for dei.

Figuren syner 1) Hengeving 2) Tropisk trebregne 3) Bjørnekam 4) Grønnburkne 5) Taggbregne 6) Raggtelg 7) Korleis frøa til bregnene sit 8) Eit gjennomskore blad med sporer, slør og sporehus. 9) Korleis bregner ser ut før dei kjem ordentlig opp 10) Marinøkkel 11) Sisselrot 12) Hjortetunge.

Av /Store norske leksikon ※.

Botanikk er vitskapen om planter. Botanikk er eit fag innanfor biologi og er ein type naturvitskap.

Dei som arbeider med botanikk blir kalla botanikarar. Ein botanikar studerer mellom anna korleis plantar lever, korleis dei er bygd opp, og korleis ulike plantar er i slekt.

Botanikk er eit viktig fag for at menneske skal forstå:

  • kvifor plantar trivst ulikt ulike stadar.
  • korleis menneske kan bruke plantar, til dømes til mat, som medisin eller til pynt.
  • korleis skogar og andre økosystem fungerer.

Typar

Ein kan dele inn faget botanikk etter kva botanikarane studerer:

  • korleis dei ulike delane av plantene fungerer blir kalla plantefysiologi.
  • korleis plantar er bygd opp blir kalla planteanatomi
  • korleis plantar lever i ulike miljø blir kalla planteøkologi
  • korleis plantar er i slekt blir kalla plantesystematikk.
  • kvar i verda dei ulike plantane finst blir kalla plantegeografi.
  • studiet av plantar frå fortida blir kalla paleobotanikk.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • planter
  • biologi
  • økologi
  • evolusjonslæra
  • tre

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet