Fotografi av kvinne med cochlea-impantat
Cochlea-implantatet er ganske avansert og består av fleire delar. Nokre delar er usynlege fordi dei blir opererte på innsida av huda på hovudet. Andre delar ligg utanpå hovudet og er synlege.
Fotografi av kvinne med cochlea-impantat
Av /Shutterstock.

Cochlea-implantat er eit hjelpemiddel som gjer at personar med høyrselshemming kan oppfatte lyd. Apparatet gir ein slags kunstig høyrsel.

Det er stort sett personar som ikkje oppfattar noko lyd gjennom vanleg høyreapparat som kan få cochlea-implantat.

Cochlea-implantatet er ganske avansert og består av fleire delar. Nokre delar er usynlege, fordi dei blir opererte på innsida av huda på hovudet. Andre delar ligg utanpå hovudet og er synlege.

Slik verkar det

  • Ein mikrofon tar opp lyden.
  • Lyden blir analysert, sortert og sendt til den delen av øyret som kallast sneglehuset. På latin heiter delen cochlea.
  • Frå sneglehuset blir lydsignala sendt til hjernen.
  • I hjernen blir lydane tolka, og personen kan oppfatte og forstå lydane.

Høyreapparat og cochlea-implantat

Det er fleire forskjeller mellom vanleg høyreapparat og cochlea-implantat:

  • Eit vanleg høyreapparat blir festa utanpå øyret. Delar av cochlea-implantatet må opererast inn under huda.
  • Eit vanleg høyreapparat er ein slags høgtalar. Eit cochlea-implantat gjer ikkje lyden sterkare til øyret, men sender lydsignal rett til hjernen. Då kan folk som ikkje kan oppfatte lyd med øyra, likevel oppfatte lyd ved hjelp av cochlea-implantatet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo