Foto av førarhund
Førarhundar er hundar som er spesielt trente til å hjelpe menneske med synshemming. Dei kan hjelpe til med å kome seg trygt rundt i trafikken. Hundane kan også vere trente til å seie frå viss mennesket blir sjukt eller treng hjelp.
Foto av førarhund
Av /Shutterstock.

Svaksynt er det å ha dårlegare syn enn normalt, men ikkje så dårleg som ein blind. Svaksynte personar kan bruke tilpassa briller eller linser. Likevel ser dei dårlegare enn personar med normalt syn.

Personar som er langsynte eller nærsynte, er ikkje svaksynte. Dei har normalt syn viss dei brukar briller eller linser.

Årsaker

Ein kan vere fødd svaksynt, eller ein kan bli svaksynt i løpet av livet. Nokre sjukdommar eller infeksjonar i auget kan gjere at ein mistar delar av synet. Ein reknar med at om lag 180 000 personar i Noreg er svaksynte.

Synet er éin av dei fem sansane menneske har. Svaksynte personar har ein sans som ikkje fungerer som den skal. Svaksynte har difor ei funksjonsnedsetting.

Mange brukar briller eller linser utan at dei har ei synshemming. Fordi svaksynte personar ser dårlegare enn folk flest, kan ein del alminnelege ting bli meir utfordrande. Det finst hjelpemiddel som kan hjelpe svaksynte med å få ein lettare kvardag.

Typar

Synshemming blir delt inn i fem ulike grupper frå 1 til 5, basert på kor mykje eller lite folk ser. Personane innanfor éi gruppe kan ha ganske ulik synsstyrke. Dei svaksynte som har best syn, høyrer til i kategori 1 eller 2.

Dei i kategori 1 som har best syn, kan sjå på 6 meters avstand det ein person med normalt syn kan sjå på 18 meter. Dei i kategori 1 med dårlegast syn kan sjå på 6 meters avstand det ein person med normalt syn kan sjå på 60 meter.

Personar i kategori 2 kan sjå på 3–5 meter det ein person med normalt syn kan sjå på 60 meter. Desse personane kan telle fingrar på 3 meters avstand.

Personar i kategori 3, 4 og 5 har veldig redusert syn eller ikkje noko syn i det heile teke. Dei er blinde.

Hjelpemiddel

For mange svaksynte hjelper det med sterke briller. Det finst også mange andre hjelpemiddel for svaksynte. På mobil, nettbrett og datamaskiner finst det for eksempel mange innstillingar eller program som kan hjelpe:

  • Tale til tekst, som skriv ned det som ein person seier.
  • Skjermlesar, der maskina les opp teksten.
  • Forstørring, så ein kan bestemme kor stor teksten eller biletet på skjermen skal vere.
  • Å auke kontrasten på tekst. Det er lettare å lese eller sjå dersom det er tydelege kontrastar i fargane.

Det finst dessutan lydbøker, lydaviser eller podkastar som ein kan høyre på. Universell utforming av til dømes hus, kollektivtransport og nettstader hjelper også.

Det er mange som jobbar for å hjelpe svaksynte med å få ein enklare og meir sjølvstendig kvardag. Norges Blindeforbund er ein slik organisasjon.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo