Maleriet viser filosofen Sokrates som sitter på en seng med flere menn rundt seg. Han holder en hånd opp i luften med pekefingeren mot himmelen. En mann holder et rødt beger som han gir til Sokrates.

Den greske filosofen Sokrates blei i 399 fvt skulda for å ikkje tru på gudane i byen Athen. Som straff måtte han drikke eit beger med gift og døydde.

Ateisme er ei oppfatning om at det ikkje finst gudar og guddommelege vesen. Ateisme oppstår difor i samfunn der dei fleste menneske trur at overnaturlege makter styrer universet og menneskas liv.

Historie

Gjennom historia har det vore ulikt kva som blir kalla gud eller gudar. Difor har det òg vore ulikt kva som vart kalla for ateisme. I mange gamle kulturar var det mange gudar. Menneske kunne ofte velje kva gudar dei likte best. Ein trong ikkje tilbe alle.

Tidlegare var det vanleg å ha ei formell tilbeding til spesielle gudar. Denne tilbedinga vart vanlegvis organisert av staten, kongen eller prestane. Viss nokon ikkje tilba gudane på same måte, kunne dei bli skulda for å vere ateistar, sjølv om dei praktiserte ein annan religion. Dette kunne føre til straff og alvorlege konsekvensar.

Eit eksempel på det er den greske filosofen Sokrates. Han blei skulda for ikkje å tru på gudane som staten foretrakk. Han blei dømt til døden og måtte drikke eit beger med gift.

Innanfor dei såkalla monoteistiske religionane, som jødedom, kristendom og islam, blir berre ein einaste Gud godteken. Å uttale at ein ikkje trur på denne eine guden kunne tidlegarer gjere at ein vart straffa.

Vitskapen byrja etter kvart å finne forklaringar på ting religionen forklarte tidlegare. Fleire filosofar byrja å lure på om verda vart skapt og styrt av gudar. Utover på 1900–talet vart det stadig fleire som tvilte på gudars eksistens og torde å seie det offentleg. På 2000-talet blir det gjerne kalla ny-ateisme.

Innanfor fleire religiøse samfunn gjer det å seie at ein er ateist framleis at ein kan bli utestengd frå familien sin eller fellesskapet.

I nokre land har det no vorte fleire som heilt ope erklærer seg som ateistar og som gjerne diskuterer med truande.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker