Bildee av en stor, glødende sol mot svart verdensrom.

Sola er den einaste stjerna som er så nær at ho kan observerast og studerast. Sola gir også viktig informasjon i studiar av andre stjerner.

Fotografi
Av .

Astrofysikk er eit fag. Det er ein del av astronomien. Astrofysikk er eit fag som handlar om korleis universet er bygd opp, kva det er laga av og korleis alt som finst i universet verkar saman. Ein som studerar astrofysikk, kalles astrofysikar.

Sola ligg så nær Jorda at det er mogleg å sjå og undersøkje kva som skjer på overflata og i atmosfæren til Sola. Atmosfæren er gassane som ligg rundt Sola.

Alle andre stjerner i universet ligg for langt unna Jorda til at dei kan studerast på same måte. Det ein lærer av Sola, fortel difor også mykje om andre stjerner.

I tillegg til Sola studerer astrofysikarar andre stjerner, galaksar, planetar og kosmisk stråling.

I astrofysikk brukar ein matematikk for å forklare det ein ser. Ein kan også lage modellar og forklaringar for ting ein ikkje kan sjå, ved å bruke matematikken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo