Tourettes syndrom er ein diagnose. Ein som har Tourettes syndrom, må røre seg eller lage lyd heilt plutseleg og uten å ville det sjølv. Det heiter tics.

Fleire gutar enn jenter har Tourettes syndrom. Det er ikkje ein sjukdom, men ei funksjonsnedsetting.

Symptom

Dei fleste som har tics, kjenner det når eit tic bygger seg opp i kroppen. For mange kjennest det som ein slags kløe eller ei kribling i kroppen. For å bli kvitt den ubehagelege kjensla, må dei gjere ticet, altså røre seg eller lage lyden.

Ein kan prøve å halde tilbake eit tic, men det er veldig slitsamt og ubehageleg. Det kan samanliknast med å ikkje skulle klø på eit myggstikk.

Typar

Tics kan vere heilt enkle rørsler eller lydar, men også meir kompliserte handlingar.

Enkle tics kan vere:

  • sterk blunking
  • rynke på nasen
  • smatte
  • lage grimasar
  • himle med auga
  • kaste på hovudet eller skuldrane
  • hoste eller kremte
  • snufse
  • plystre

Meir samansette tics kan vere:

  • hoppe
  • klappe
  • bite
  • seie heile ord eller setningar
  • plutseleg endre måten ein snakkar på
  • herme etter andre

Plagsame tics

Nokre tics er meir plagsame enn andre. Tics som påverkar folk rundt, kan vere spesielt plagsame. Å himle med auga eller herme etter andre er eksempel på plagsame tics, fordi mange synest at dette er frekt.

For å gjere det lettare å vere sosial, er det viktig at folk rundt veit at personen har Tourettes. Tics er ikkje noko ein gjer med vilje for å vere frekk eller irriterande.

Behandling

Det finst måtar å behandle tics på for å gjere det lettare å leve med Tourettes syndrom. Det finst også medisinar som kan hjelpe mot tics, men det finst ingen medisin som kan fjerne alle symptoma.

For dei som har enkle tics, kan det vere nok å snakke om det med folk rundt seg. Då blir det lettare for andre å forstå korleis ein med Tourettes har det, og kva som skjer i kroppen.

Ein kan også trene for å kontrollere tics. Då lærer ein seg ein rørsle som kan gjerast i staden for ticet. På den måten lærer ein å ta meir kontroll over plagsame tics. Dette er vanskeleg å lære seg, og det tar ein del arbeid.

Personar som har Tourettes syndrom, har ofte andre diagnosar i tillegg. Det kan for eksempel vere ADHD, OCD, angst eller problem med å kontrollere sinne.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bernhard Weidle
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet