Faktaboks

Tarjei Vesaas
Fødd
20. august 1897
Død
15. mars 1970
Fotografi

Tarjei Vesaas les frå boka Is-slottet på NRK.

Fotografi
Av /NRK.

Tarjei Vesaas var ein norsk forfattar. Han var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden på 1900-talet. Han skreiv både romanar, noveller, dikt og skodespel.

To av dei mest kjende bøkene han skreiv er Fuglane og Isslottet.

Bakgrunn

Omslag, film, Isslottet av Tarjei Vesaas.

Boka Is-slottet fortel om vennskapen mellom dei to jentene Siss og Unn. I 1987 blei det laga film av romanen.

Plakat for filmen Is-slottet.

Tarjei Vesaas voks opp på ein gard i Vinje i Telemark. Han deltok mykje i det praktiske arbeidet på garden saman med to yngre brør. Det var mykje lesing i heimen til Vesaas, så han vart tidleg kjend med litteratur.

Vesaas hadde ikkje mykje utdanning. Han gikk på folkeskulen, som var 7 år, og så eitt år på folkehøgskule. Det var først og fremst diktar han ville bli.

Vesaas kjøpte seg sin eigen gard i Vinje. Dit flytta han inn med forfattaren Halldis Moren. Dei gifte seg i 1934 og fekk to barn.

Både Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas skreiv på nynorsk.

Forfattarskap

Tarjei Vesaas er mest kjend for romanane og novellene sine. Han gav ut 12 romanar, 2 novellesamlingar og 2 skodespel. Dei mest kjende romanane hans er Det store spelet (1934), Kimen (1940), Huset i mørkret (1945), Fuglane (1957), Brannen (1961) og Is-slottet (1963).

Vesaas var svært flink til å beskrive kjensler hos både barn, unge og vaksne. Eitt døme er romanen Is-slottet. Boka handlar om dei to 11-åringane Unn og Siss. Dei har akkurat blitt venner når Unn, som er foreldrelaus, blir borte. Ho blir ikkje funnen igjen, og Siss saknar venninna si veldig. For denne romanen fekk Tarjei Vesaas Nordisk råds litteraturpris. Det er ein viktig pris som blir delt ut ein gong i året.

Vesaas var også svært flink til å beskrive dei som er annleis enn folk flest. Eitt døme er romanen Fuglane. Hovudpersonen Mattis strevar med å forstå det same som andre. Men han forstår fuglespråket og veit til dømes kva det betyr når han ser fuglane fly over huset.

Betydning

Bøkene til Tarjei Vesaas blir framleis lese mykje, og dei er omsette til mange språk.

Det mest kjende skodespelet hans, Bleikeplassen, har blitt vist fleire gonger på Det Norske Teatret. Romanene Fuglane og Isslottet har også blitt dramatisert og vist på teater i Norden.

Kvart år blir Tarjei Vesaas' debutantpris delt ut til ein ung, ny forfattar. Vesaas oppretta denne prisen då han vann Nordisk råds litteraturpris.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger