tegningen viser et skjelett som ligger i en seng mens det kryper mange mus rundt og på sengen.

Det finst mange segn om svartedauden. Eitt av dei er segna om øydegarden Mustad. Den kjende norske kunstnaren Th. Kittelsen har illustrert fleire norske segn.

Tegning av Theodor Kittelsen.
Av /Nasjonalmuseet.

Sagn er korte forteljingar som liknar på eventyr. Dei blei lenge fortalde frå menneske til menneske, før dei blei skrivne ned.

Segnene kan delast i mange ulike typar, avhengig av kva dei handlar om:

  • Segn om det overnaturlege, til dømes hulder, nøkk og andre overnaturlege vesen.
  • Segn om historiske personar og hendingar. Det kan vere segn som handlar om noko som gjeld heile Noreg, som svartedauden. Det kan også vere segn som handlar om noko heilt lokalt til dømes menneske eller hendingar i ei bygd.
  • Segn som gir forklaringar på ting i naturen, som merkelege steinar og fjell. Dei kan også forklare kvifor stader har dei namna dei har. Dette heiter opphavssegn.
  • Segn fortel ofte noko som ein trur har hendt, så dei er på ein måte sanne. Men dei er også dikting, fordi historia endrar seg når ho blir fortald vidare.

Skilnaden på eventyr og segn er at eventyr ofte ikkje går føre seg på ein bestemd stad eller til ei bestemd tid. Segn handlar om noko som skal ha skjedd ein bestemd stad til ei bestemd tid.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Fred Huvenes