Fotografi av en sjimpanse og Jane Goodall

Jane Goodall er kanskje den best kjende zoologen i verda. Ho har studert korleis sjimpansar lever og kommuniserer i over 60 år.

Foto
Av /※.

Zoologi er læra om dyr og og korleis dei lever. Zoologi er eit fag under biologi og er ein type naturvitskap.

Ein som har studert zoologi på universitetet, blir kalla zoolog. Zoologar studerer mange ulike ting, som:

  • Kvar dyr bor
  • Korleis dyr oppfører seg
  • Korleis kroppane til dyra verkar

Zoologar studerer ofte ei lita gruppe av dyr, til dømes hjorter eller biller. Dyr er så ulike at det er vanskeleg å vere ekspert på mange dyr samtidig.

Typar

Vaksen tiger med tre ungar

I dyrehagar, også kalla zoologiske hagar, lever ville dyr innanfor eit avgrensa område. Då kan forskarar studere dei, samstundes som publikum kan kome på besøk og lære om ulike dyr. Biletet viser ein amurtiger med tre ungar som vart fødde i dyreparken i Kristiansand.

Foto av tigre
Av /Dyreparken Kristiansand.

Ein kan dele inn faget inn etter kva zoologane studerer:

  • Korleis dyr er i slekt blir kalla dyresystematikk
  • Korleis dyr lever i ulike miljø blir kalla dyreøkologi
  • Korleis kroppen til dyr verkar blir kalla dyrefysiologi
  • Korleis kroppen til dyr er bygd opp blir kalla dyreanatomi
  • Kvar i verda dei ulike dyra finst blir kalla dyregeografi
  • Korleis dyr har utvikla seg sidan Jorda vart til blir kalla paleozoologi

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo