Foto av marihøner som viser dekkvengene og flygevengene.
Alle biller har eit par stive venger som dekker kroppen og dei indre vengene. Dei indre vengene brukar dei til å flyge med.
Av /Shutterstock.

Biller er ein type insekt. Alle biller har eit par harde og stive venger (dekkvenger) som dekkjer over mjuke, gjennomsiktige venger til å fly med (flyvenger). Dekkvengene vernar kroppen til billa og flyvengene, når ho ikkje flyg.

Biller kan leve nesten over alt, i ferskvatn og på land. Det finst rundt 400 000 artar av biller i verda. I Noreg er det rundt 3600 artar.

Beskriving

Alle biller har eit hovud, eit bryst med seks bein og ein bakkropp. Bakkroppen er dekt av dei harde og stive dekkvengene når dei ikkje flyg. Når biller skal fly, slår dei ut dekkvengene og flyg med flyvengene. Når dei ikkje flyg, er flyvengene bretta saman under dekkvengene. På hovudet har biller kjevar, antenner og auge.

Typar

Figur med flere typar biller
Billene er den største gruppa av insekter. Det varierar stort korleis dei ser ut og lever. Ein kjenner rundt 400 000 artar.
Av /Naturhistorisk Museum, Universitetet i Oslo.
Lisens: CC BY 3.0

Vaksne biller kan sjå veldig ulike ut. Dei minste billene er 0,4 cm lange. Dei største kan bli 16 centimeter lange. Den største billa i Noreg, nashornbille, kan bli 4 cm lang.

Biller har mange, ulike farger. Nokre typar biller har skinnande fargar, medan andre er mørke og matte. Ein type biller, marihøner, kan ha raude eller gule dekkvingar med svarte prikkar på. Tordivlar har metallisk skinnande farge.

Beina til billene er tilpassa livet dei lever. Laupebiller har lange, tynne bein som dei kan springe fort med. Kvervlarar, som lever på vatn, har bein forma som årar. Tordivlar har bein som er gode å grave med.

Levevis

Biller lever på veldig ulike måtar. Mange et plantar. Ein del et andre insekt. Mange biller lever åleine. Andre lever saman med maur eller termittar. Nokon lever i ferskvatn, andre lever på land. Mange biller er viktige nedbrytarar. Dei sørgjer for at døde plantar, daude dyr eller bæsj blir gjort om til jord. Mange biller lever kortare enn eit år, men det finst biller der larvane lever i mange år.

Formeiring

Larve av marihøne
Biller legg egg. Når dei klekker, kjem det ut ei larve. Kroppen til larvene er ofte mjuk, har tre par bein og korte antenner. Biletet syner ei larve som kjem til å bli til ei marihøne.

Biller parar seg før hoa legg egg. Kvar ho legg egga, varierer frå art til art. Egget blir til ein larve. Larvane har eit hardt hovud. Kroppen til larvene er ofte mjuk, har tre par bein og korte antenner. Larvane et ofte det same som dei vaksne billene.

Når larven er stor nok, blir ho til ei puppe. Då ligg ho inne i eit hardt skal. Medan ho er i puppa, endrar kroppen seg frå larve til bille. Puppa ligg ofte nede i jorda eller inni ved.

Vanlege biller i Noreg

Dette er nokre av dei vanlegaste billene i Noreg:

  • Marihøner
  • Løpebiller
  • Snutebiller
  • Trebukkar
  • Bløtvinger

Kva for artar som er vanlege, kan variere i dei ulike delane av landet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henninge Torp Bie