Testament er ein tekst der ein person fortel kven som skal arve når hen døyr. Den som skriv testamentet kan velje kven som skal arve. Det treng ikkje å vere nokon i familien, det kan òg vere andre personar eller organisasjonar.

Den som får arv blir kalla arving, medan den som gir arv, blir kalla arvelatar.

I Noreg er det ei eiga lov som bestemmer kven som skal arve etter ein som er død. Dersom ein ikkje har skrive testamente, blir arva fordelt slik det står i arvelova.

Gyldig testamente

Det er strenge reglar for når eit testamente er gyldig:

  • Den som skriv testamentet, må velje å gjere det sjølv og ikkje bli tvinga av andre.
  • Den som skriv testamentet må vere gammal nok og frisk nok til å skjønne det som står i testamentet.
  • To andre personar, vitne, må skrive under på at den som skreiv testamentet, verkeleg meinte det.

Pliktarv

Når nokon døyr, er barna og eller den dei er gifte med, dei næraste til å arve. Dei blir kalla livsarvingar i arvelova. Dersom den som er død hadde barn eller var gift, må ektefellen eller barna få arv. Dei skal ha arv sjølv om det står noko anna i testamentet. Det blir kalla pliktdelen av arven. Barna skal få to tredelar av arven og ektefellen ein firedel. Pliktdelen sikrar livsarvingane arv opp til ein viss sum, som står i lova. Om den som er død hadde stor formue, kan pliktdelen bli mindre enn to tredelar og ein firedel.

Dersom den som døyr var sambuar og dei ikkje har barn saman, arvar ikkje sambuaren noko, om det ikkje står i eit testamente.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Katrine Nyhus
Professor i markedsføring, Universitetet i Agder