fleire selar ligg på svaberg ved sjøen
Stenkobbehoer og ungar på kvilar på land i Vesterålen.
Foto av steinkobber
Av .

Steinkobbe er den vanlegaste selen langs kysten av Noreg. Steinkobbe finst på heile den nordlegen delen av jorda.

Beskriving

Steinkobbar blir mellom 140 og 155 centimeter lange. Dei veg mellom 67 og 105 kilo. Hannane er litt større enn hoene. Steinkobben er ein litt tjukk sel, hovudet minnar om ein katt, med tydeleg snute.

Pelsen er grå eller gråbrun med mørkare flekkar. Flekkane kan variere frå lys grå til nesten svart. Dei har lange vêrhår på snuten. På luffane har steinkobbar klør.

Levevis

Kart som viser utbredelse av steinkobbe

Steinkobba finst langs kysten av land på heile den nordlege delen av jorda. Områda er merka raudt

Kart som viser utbredelse av steinkobbe

Steinkobbar held til langs kysten. Dei går på land når dei skal få ungar, når dei skiftar pels ein gong i året og når dei skal kvile. Dei ligg ofte på skjer og steinar. Steinkobbar har faste stadar på land der dei held til, i store og små flokkar. Dei største flokkane kan vere på fleire hundre selar.

Steinkobbar et mest fisk. Dei et helst små fisk på mellom 10 og 25 centimeter, og jaktar gjerne på fisk som svømmer i stim. Dei svømmer som oftast ikkje lenger enn 10-20 kilometer frå dei faste stadane på land der dei held til. Steinkobben søv både på land og i vatn med berre hovudet i overflata. Dei søv veldig kort tid om gongen.

Steinkobbar likar best område der det er 20 til 40 meter ned til botnen, og dykkar då heilt ned dit. Dei kan dykke heilt ned til 400 meter.

Steinkobbe kan bli eten av hai, spekkhoggar og isbjørn.

Formeiring

Hoene blir vaksne og kan få ungar når dei er fire år. Hannane blir vaksne når dei er mellom fire og seks år. Hoene får vanlegvis ein unge kvart år. Ungane blir fødde frå midten av juni og til byrjinga av juli. Ungen kan svømme med ein gong han er fødd. Ungen får mjølk av mora. Når ungen er nyfødd veg han mellom 9 og 19 kilo. Han får mjølk i tre til fire veker. Når han er ferdig med å få mjølk veg han mellom 25 og 30 kilo.

Når ungen ikkje lenger får mjølk, parar mora seg på nytt. Hannane slåst med kvarandre om dei beste områda for paring. Det er dei områda som er nærast der hoene og ungane ligg. Når hannane er ferdige med å slåst, byrjar vinnerane å syngje under vatn. Kvar hann har si heilt eigen song. Hoene vel sannsynlegvis hannar basert på kva område dei har vunne, og korleis songen deira er.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo