Ein stor maskin med eit styrehus og seks store hjul med kjetting. Maskina har ein lang arm med ei klo i enden.

Fram til 1950-talet var det vanleg å hogge tre med øks. No har store maskinar teke over dette arbeidet. Maskina på biletet kan både hogge trær og fjerne alle greinene frå treet så det blir til tømmer.

Av /Statsskog SF.
Lisens: CC BY NC 3.0

Skogbruk er å pleie og hogge skog for å tene pengar, eller legge til rette for friluftsliv. Skogbruk er ein del av landbruket.

Trær som er hogd ned, blir kalla tømmer. Tømmeret kan gjerast om til andre ting ein kan ha til eige bruk eller selje, for eksempel ved, fjøler eller plankar.

Skogbruk i Noreg

37 prosent av Noreg er dekt av skog. Ein tredel av dette blir brukt til skogbruk som ein kan drive og tene pengar på. Den norske skogen består av 90 prosent furu, gran og bjørk.

Dei som driv skogbruk i Noreg må følgje Lov om skogbruk og skogvern. Denne lova skal sikre berekraftig bruk av skogen. Lova skal også sikre at dei som driv skogbruk skal ta omsyn til mellom anna:

  • råvarer til industrien
  • landskapet
  • friluftsliv og avslapping
  • miljøet til dyr og plantar som lever i skogen
  • jakt og fiske

Historie

Svart-kvitt foto av tømmerfløting i Hedmark
Før var det vanleg å frakte tømmeret på elver. Tre flyter på vatn, så dei kan flyte med straumen. Dette heiter tømmerfløting.
Svart-kvitt foto av tømmerfløting i Hedmark
Av /Anno Norsk skogmuseum.
Lisens: CC BY NC 3.0

Skogen har alltid vore viktig for folk. Den har gitt ved og materiale til å byggje hus og reiskapar. Allereie på 1300-talet byrja Noreg å selje tømmer til andre land.

På 1500-talet kom dei første sagene som blei drivne av vatn. Skogbrukarane bygde difor sagbruk langs elvar.

Tømmeret som blei hogge rundt elvane, blei frakta med vatnet til stader der det vart saga til plankar og selt vidare. Dette blir kalla tømmerfløyting, og utnyttar at tre flyt på vatn. På midten av 1800-talet kom òg to viktige typar sag: sirkelsag og dampsag.

Fram til 1950-talet var det vanleg å jobbe for hand i skogbruket, til dømes ved å hogge tre med sag og øks. Etter kvart kom motorsagene og gjorde arbeidet med å felle tre raskare.

På 1990-talet kom store hogstmaskinersom hogg, kvista og kappa tømmeret raskt og nøyaktig. I dag blir nesten alt skogsarbeid gjort med slike maskiner. Desse hogstmaskinene blir styrte av datamaskiner frå førarplassen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Almås
Professor emeritus, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet