Traktor på jorde

Traktor med plog pløyer jordet.

Traktor er eit stort køyretøy med motor som blir brukt til å trekkje, skyve og bere reiskapar og tilhengjarar. Traktoren er mest brukt i jordbruk og skogbruk.

Traktoren har mange ulike delar.

Hjul

køyretøy med store grove hjul

Vanleg traktor med grove gummihjul.

Foto av traktor
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ein traktor har fire hjul laga av gummi. Hjula bak er vanlegvis størst, medan hjula framfor er litt mindre. Hjula har ofte store mønster, slik at traktoren skal kunne trekkje mest mogleg vekt. Hjula blir styrte med rattet.

Førarplass

Førarplassen ligg i midten eller bakarst i traktoren. Føraren kan styre med rattet, gasse og bremse frå setet sitt. Setet kan vanlegvis rotere ein halv runde.

Det er viktig at føraren har godt oversyn frå setet, slik at hen kan følgje med på arbeidet. Setet er beskytta av ei traktorhytte med veltebøyle, eit lite rom med tak, vegger og vindauge. Hytta vernar føraren viss traktoren veltar. Frå 2020 er det påbode med setebelte.

Motor

Motoren i ein traktor er kraftig og laga for å tole mykje arbeid over lang tid. Motoren til traktoren går vanlegvis på diesel. Det finst òg elektriske traktorar.

Motoren sit framme på traktoren og er beskytta av eit panser. Dei fleste traktorar har ein toppfart på 40 km/t.

Bruk

Reiskapar som skjer, slåmaskin, plog og rive kan bli kopla til traktoren med trepunkts løftearmar bak. Dette gjer det mogleg å bruke traktoren på mange ulike måtar. Traktoren blir blant anna brukt til å gjødsle, pløye, harve, så og hauste gras, korn og grønsaker.

Traktoren kan òg brukast til å frakte noko frå ein stad til eit annan med tilhengar som heng i ein krok bak. Til dømes blir traktoren brukt til å flytje tømmer frå skogen, der dei høgg det, og fram til vegar der lastebilar plukkar det opp. Mange brukar traktor med snøfres eller frontskuffe til å måke snø om vinteren.

Aldersgrensa for å ta førarkort for traktor er 16 år, og ein får førarkort i klasse T.

Historie

Dei første traktorane gjekk på damp og vart laga på 1850-talet i USA. Traktoren erstatta hestane, som tidlegare blei brukt til å trekkje reiskapar i landbruket. Den første traktoren vart importert til Noreg i 1907.

Traktoren vart vanleg i Noreg etter andre verdskrigen. Frå 1949 til 1959 auka talet på traktorar med over 45 000. I dag er det rundt 300 000 registrerte traktorar i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Almås
Professor emeritus, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet