Et stort flettet fat fylt med silketråder, kokonger og silkelarver. Til venstre for fatet ligger to store bunter med lys gul silketråd. Foto

Silkelarver og hvite kokonger med silketråd på et et flettet fat. Bildet er fra et sted i Thailand hvor de bruker tradisjonelle metoder for å lage silkestoff.

Fotografi
Av /Shutterstock.

Silke blir laga av silkeormer. Silkeormen er ei larve, som kan bli til ein sommarfugl. Larva spinn ein kokong rundt seg sjølv før ho blir til ein sommarfugl. Det er silke frå kokongen som blir nytta til å lage klede.

Silken har tynne, sterke fibrar. Silke er krevjande å framstille, derfor har det blitt ei kostbar vare. Å lage klede av silke starta i Kina.

Eigenskapar

Silke kan virke varmande når det er kaldt og kjølande når det er varmt. Likevel kan glatt silke kjennast kald mot huda.

Silke er sterkt, sjølv om det er tynt. Silke blir ofte blanda med ull i klede. Det gjer at ullklede blir sterkare og toler meir bruk. Silke og ull har like eigenskapar og vaskes likt.

Vask og stell

Silke kan vere vanskeleg å vaske og halde reint. Nokre klede av silke kan krevje reinsing, medan andre kan vaskast forsiktig for hand eller på vaskeprogram for ull. Sveitte, deodorant og parfyme kan setje flekkar i stoffet.

Silke kan strykast på låg varme. Høgste temperatur er 140 gradar, altså to prikkar på strykejarnet. Ein må vere forsiktig med damp, fordi vassdropar kan setje flekkar.

Produksjon

Høyrearmen til en kvinne i grå genser som sitter ved en vev. Veven har massevis av tynne røde tråder. Til høyre i bildet er det vevd mønster et stykke av veven blant annet gull, blått og grønt. Det ligger flere spoler med tråder i forskjellige farger klare til å fortsette vevingen. Foto
Veving av silkestoff i Kina.
Fotografi
Av /Shutterstock.

Silke er kostbart, derfor blir silke mest nytta til dyre klede som fine kjolar, blusar og i bunader. Det blir også nytta i slips, sjal og undertøy.

Den vanlegaste silka lagast i områder der det veks morbærtre. Silkeormen et blad frå treet. Etter omtrent ein månad byrjar han å spinne ein kokong rundt seg sjølv. Kokongen er laga av ein lang, tynn tråd som ormen lagar i kroppen.

Når ormen er klar til å bli ein sommarfugl, bryt han ut av kokongen og flyr vekk. For å lage silke, samlar ein trådene frå kokongen.

For at tråden skal verte lengst mogleg, må ein samle tråden frå kokongane før sommarfuglen kjem ut. Då legg ein kokongane, med larva inni, i varmt vatn. Då døyr larvane, og det stoffet som held tråden saman blir oppløyst. Så blir tråden vikla av og spunnen saman med andre silketrådar for å lage ein sterkt og fin tråd.

Silketråden blir kortare viss ein venter til sommarfuglen har floge med å legge kokongane i varmt vatn.

Historie

Det å lage silke er ein gamal kunst som har vore gjort i fleire tusen år i Kina. Derfra har han spreidd seg til land som India, Japan og Italia.

I Kina har silke vore ein viktig vare å selje til andre land. Ei gamal rute for handel mellom Kina og Europa blir kalla Silkevegen. Det syner kor viktig silken var som handelsvare.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingun Grimstad Klepp
Professor i klær og bærekraft, OsloMet – storbyuniversitetet