Rusbrus er drikke med alkohol. Det er omtrent like sterkt som øl, og det finst mange ulike merke. Som regel inneheld det mykje sukker og smaker litt som brus.

Lover

I Noreg er det 18 års aldersgrense for å kjøpe og drikke rusbrus.

Rusbrus har opp til 4,7 prosent alkohol og er lov å selje i vanlege matbutikkar.

Rusbrus i Noreg

I Noreg var det forbode å selje rusbrus fram til 1996. Dei første åra blei det berre selt på Vinmonopolet, fordi ein meinte at det var brennevin.

I 2003 bestemte politikaraneStortinget at det skulle vere lov å selge i vanleg butikk. Det var mange som var imot rusbrus i butikken. Ein trudde fleire ungdommar då kom til å drikke alkohol.

Historie

Alcopop, som rusbrus heiter på engelsk, kjem frå Australia. Det blei populært over heile verda på 1990-talet. Å blande brus og alkohol hadde bartenderar gjort i over hundre år. Då heiter det drink. Det som var nytt, var at ein tappa drinkar på flaske og selde det i butikken.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen