Foto av Solo Super i butikk
Solo er ein norsk brus, som lenge var den mest solgte brusen i Noreg. No er brus frå merkene Coca-Cola og Pepsi-Cola meir solgt enn Solo.
Foto av Solo Super i butikk
NTB.

Brus er ein søt drikk med bobler i, som finst i mange ulike smakar. Den heiter brus fordi det bruser.

Å lage brus

Brus med sukker blir laga ved å blande vatn, sukker og smak. Smaken kjem ofte frå saft. Som regel er det veldig mykje vatn og sukker, og ganske lite saft. Til slutt tilset ein ein gass som heiter karbondioksid. Når gassen blir blanda med væska, skjer det ein kjemisk reaksjon, og det blir danna kolsyre. Kolsyra gjer at det blir danna tusenvis av bitte små bobler.

I dag blir det selt meir sukkerfri brus enn brus med sukker. Den søte smaken kjem då frå kjemiske stoff.

Helseråd

Brus er skadeleg for tennene på grunn av syra som er i all brus. Det er heller ikkje sunt å få i seg mykje sukker. Viss ein drikk mykje brus med sukker, kan ein få hol i tennene.

Historie

Brus blei oppfunnen rundt 1770 i England.

Den mest kjende brusen i verda er Coca-Cola, som blei oppfunnen i USA i 1892. No blir det laga og selt Coca-Cola overalt.

Brus som drikke kom til Noreg på byrjinga av 1900-talet. Eit populært norsk merke er appelsinbrusen Solo.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen