Et rødt skrin i form av et hus med skrått tak som står inne i et glasshus i samme form. Huset er dekket av rød fløyel, og det er gullmynter og annen pynt i gull festet på huset.

I dette skrinet er det relikviar frå den heilage Birgitta. Ho var ein svensk helgen som levde på 1300-talet.

Foto av eit skrin.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Relikvie er ein gjenstand som blir rekna som heilag i ein religion. Det kan til dømes vere ting som ein heilag person har eigd eller vore i fysisk kontakt med.

Ein relikvie kan også vere kroppen til ein død helgen, eller delar av kroppen, som eit bein eller ein finger.

Det er ulikt kor viktig relikviar er i dei ulike religionane. Nokre har ikkje relikviar i det heile, til dømes protestantisk kristendom og hinduisme. I katolisismen, den ortodokse kristendommen og buddhismen er relikviar svært viktig.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker