Kvite klumpar og belegg øvst opp mot tannkjøtet

Plakk er eit belegg på tennene. Pilane peiker her på to områder med plakk.

Plakk er eit belegg med bakteriar som festar seg på tennene. Belegget er gulkvitt og inneheld også stoff frå spytt og restar frå mat. Plakk er heilt normalt, og alle får det.

Ein kan sjå plakk som ei tynn rand mellom tennene og tannkjøttet når ein gløymer å pusse tennene. Plakk kan ein kjenne med tunga som ei ru overflate, og ein kan kjenne det om ein skraper med naglen på tanna.

Følgjer

Foto av kvinne som pusser tennene med tannkrem

For å fjerne plakk er det viktig å pusse tennene kvar dag. Bruk ein mjuk tannbørste og tannkrem med fluor.

Foto
Av /Shutterstock.

Plakk kan føre til dårleg ande, tannstein og hol i tennene.

  • Hol i tennene: Bakteriane i plakket lagar syrer av sukkeret i mat og drikke. Denne syra øydelegg emaljen til tennene. Då får ein hol i tennene.
  • Tannstein: Når plakk blandar seg med kalk frå spyttet, blir det til eit hardt belegg som heiter tannstein. Tannstein kan gi betennelse og gjere at ein blør frå tannkjøtet. Alvorlig betennelse i tannkjøtet kan gjere at ein mister tanna.

Hindre plakk

  • Unngå mat og drikke med mykje sukker, som godteri.
  • Puss tennene grundig to gonger kvar dag. Bruk tannkrem som inneheld fluor.
  • Fjern plakket mellom tennene med tanntråd eller tannpirkar.
  • Tannlegen kan fjerne tannstein.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ingvild J. Brusevold
Førsteamanuensis, ph.d., Universitetet i Oslo