Faktaboks

kyssesjuke

mononukleose

Foto av kvinne som held seg på halsen

Det er ikkje alle som merkar at dei har kyssesjuke. Symptoma kan minne om ei vanleg forkjøling. Hovne mandlar og vond hals kan vere teikn.

Foto
Av /Shutterstock.

Kyssesjuke er ein infeksjon som kjem av virus. Den set seg i halsen og i lymfeknutane. Det er barn og ungdom som vanlegvis får kyssesjuke. Det finst ingen vaksine eller medisin mot sjukdommen.

Smitte

Kyssesyke kjem av Epstein-Barr-viruset (EBV). Mange som blir smitta, får ingen teikn på sjukdommen. Dei kan likevel smitte andre. Viruset finst i munnen og i spyttet. Difor kan ein bli smitta ved til dømes å dele flaske eller at nokon nys eller hostar. Ein kan også bli smitta ved å kysse ein som er sjuk.

Ein blir sjuk frå tre til seks veker etter at ein blei smitta. Hos voksne har de aller fleste antistoffer mot sykdommen som tegn på at de har hatt infeksjonen tidligere i livet. Når man har hatt kyssesjuke ligger viruset fortsatt hvilende i kroppens celler og kan våkne hvis man blir alvorlig syk av noe annet.

Symptom

  • Feber
  • Hovne, raude mandlar med kvitt belegg
  • Hovne lymfeknutar i halsen, armholene og i lyskene
  • Dårleg ande og forandra stemme
  • Hevelse rundt auga
  • At ein blir veldig trøytt
  • Dårleg matlyst
  • Vondt i hovudet

Nokon bruker flere veker på å bli friske.

Undersøkelser

Legen kan sjekke med ei blodprøve om det er antistoffer mot EBV. Legen kan også sjå om levra eller milten er blitt større. Det er vanleg med betennelse i levra.

Følger

I veldig få tilfeller kan milten sprekke. Difor skal ein vere forsiktig med fysisk aktivitet så lenge ein kjenner seg sjuk.

Behandling

Det finst ingen medisin mot kyssesjuke, og det finst heller inga vaksine mot sjukdommen. Ein bør unngå å drikke alkohol, dersom sjukdommen har påverka levra.

Varm drikke kan lindre smertene i halsen. Pastillar og sugetablettar kan hjelpe mot dårleg ande.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bianca Stammler Jaliff
Overlege i infeksjonsmedisin, Akershus universitetssykehus