En eldre, smilende mannsfigur med hvitt skjegg mann. Han er kledd i lang, rød frakk, store støvler og rød topplue. Han bærer en sekk på ryggen, i den andre hånden holder han en lykt. Illustrasjon

Julenissen kjem heim til folk med julegåver, særleg til barn. Gåvene har han i ein sekk på ryggen. Her er nissen på eit gamalt postkort frå USA.

Postkort med teikning
Av /Minnesota Historical Society.
Lisens: CC BY SA 2.0

Julenissen er ein figur som er knytta til jul. Figuren er kjend frå folketru over heile Europa. Han blir beskrive som ein eldre, venleg mann med kvitt skjegg. Han har raud lue, og raud frakk. På julaftan kjem han heim til folk med gåver.

Historie

Forskarar meiner at julenissen er funne på ut frå historier om Sankt Nikolaus, ein prest på 300-talet. Sankt betyr heilag. Nikolaus skal ha vore ein snill mann, som hjelpte folk. Han ga gåver til fattige. I mellomalderen blei det vanleg å gi små gåver på festdagen hans, 6. desember.

I Nederland kalte dei Nikolaus for Sinterklaas. Sinter betyr også heilag. Klaas er den korte formen for namnet Nikolaus i Nederland. Det nederlandske namnet er altså ei oversetting av namnet Sankt Nikolaus.

Dei som utvandra frå Nederland tok med seg Sinterklaas til USA. Der blei namnet endra til Santa Claus. Det er Santa Claus som først blei vist med slede trekt av reinsdyr. Denne amerikanske figuren kom også til Norden etter kvart.

Denne julenisse blei først populær i Oslo og austlandsområdet, før han spreidde seg til resten av landet.

Den norske nissen

Figuren julenissen har lite med nissar frå norsk folketru å gjere. Det einaste er namnet. Nisse kjem frå namnet Nils. Det er ei nordisk form av Nikolaus.

Nissar i folketrua er overnaturlege vesen. Overnaturleg betyr at dei ikkje finst i naturen. Desse er små, med skjegg, grå klede og raud lue. Ein nisse bur på garden, og hjelper til med dyrepasset viss han får mat av og til. Får han ikkje mat, kan han gjere dyra sjuke. Framleis er det fleire nordmenn som set ut graut til julenissen på julaften.

Fleire land i Europa hadde på 1800-talet forteljingar om ein «julemann». I Noreg høyrte og las ein forteljingar om han frå Danmark og Tyskland.

Julenissen i dag

Fotografi
I TV-serien Snøfall heter julenissen Julius.
Fotografi
Av /NTB.

I familiar med barn er det vanleg at ein i familien kler seg ut som julenissen. Når personen kjem inn, spør hen om barna er snille før gåvene blir delt ut. Ein byrja med dette på 1930-talet, og det er framleis mykje brukt.

I andre land, for eksempel USA og Storbritannia, fortell ein barna at julenissen kjem medan dei søv. Då finn dei gåvene når dei står opp om morgonen 25. desember.

Det er laga mange filmar og songar om julenissen. Mange tenker difor på julenissen når dei tenker på jul. Store firma, som Coca-Cola, har kjente reklamefilmar med julenissen i.

Fleire byar i verda seier at julenissen bur der, for å trekke til seg turistar. Rovaniemi i Finland er ein slik by, Drøbak i Noreg er ein annan. Oslo kommune tok i mange år imot post som var adressert til Julenissen på Nordpolen.

Rampenissen

Rampenissen er blitt ein populær figur i familier med barn. Frå 1. desember lagar dei vaksne i heimen artige overraskingar som rampenissen liksom har gjort om natta medan alle søv.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen