Foto av verdens første internettside.

6. august 1991 blei den første internettsida i verda lansert. Den inneheldt informasjon om korleis ein bruker internett, og korleis ein kan lage internettsider.

Foto av verdens første internettside.
Av .
Foto av Tim Berners-Lee.
Tim Berners-Lee oppfant verdsveven, kalla world wide web i 1989.
Foto av Tim Berners-Lee.
Av .
Lisens: Public Domain

Internett starta som eit lite nettverk laga av det amerikanske militæret på slutten av 1960-talet. I dag er internett ein svært viktig del av kvardagen til mange for informasjon, underhaldning, kommunikasjon og tenester. Internett har med tida blitt ein sentral del av det moderne samfunnet.

ARPANET

I 1969 starta det amerikanske militæret eit lite lukka nettverk. Nettverket fikk namnet ARPANET. Teknologien var bygd opp slik at kommunikasjonen fungerte sjølv om delar av nettverket blei øydelagde i krig. Nettverket hadde ingen sentral kontroll og var lett å auke i storleik.

Internett

Basert på ARPANET byrja amerikanske universitet på 1980-talet å lage internett. Dette var eit ope og gratis nettverk.

I tillegg til sjølve nettverket blei det også laget tenester slik som e-post og filoverføring. Internett hadde ikkje nettsider på den tida, og kravde mykje kunnskap for å kunne bli brukt.

Verdsveven

En hånd som holder en smarttelefon.
I dag har de aller fleste internett på smarttelefonen sin.
Foto av smarttelefon
Av .

I 1991 lanserte Tim Berners-Lee oppfinninga verdsveven, på engelsk kalla Word Wide Web (WWW). Dette var eit system for å organisere informasjon i form av nettsider. Nettsider er det dei fleste i dag forbinder med internett.

Innføringa av verdsveven og nettsider gjorde internett lett å bruke også for personar utan teknisk kunnskap. Dette førte til at internett raskt blei teke i bruk av bedrifter og privatpersonar.

Nye tenester

Nettsider var opphavleg berre laga for å vise informasjon. Med tida har det blitt utvikla mange teknologiar som gjer at det også kan tilbydast tenester. Dette gjer at ein mellom anna har fått nettbutikkar, sosiale medium og spel.

I tillegg har internett også fått fleire tenester som er uavhengig av verdsveven. For eksempel strauming av musikk, radio og TV. Tingas internett har også ført til at internett har fått endå fleire bruksområde.

Prinsipp

Nokre viktige prinsipp som har bidrege til internetts utvikling og popularitet:

  • Ingen eig internett
  • Ingen kontrollerer internett
  • Bruk er gratis
  • Det er lett å kople seg til
  • Teknologien kan brukast fritt
  • Alle kan lage innhald og tenester
  • Internett er ikkje låst til ein type teneste

Sjølv om bruk av internett i seg sjølv er gratis, kan dei som tilbyr tilgang ta betalt. For eksempel gjennom abonnement på mobildata eller fiberkabel.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tom Heine Nätt
Førstelektor, Høgskolen i Østfold