Ein biologisk forelder er ein person som eit barn har fått gen frå. Barnet får gen frå eggceller og sædceller. Dei personane som eggcella og sædcella kjem frå, er dei biologiske foreldra til barnet.

Mange barn bur saman med dei biologiske foreldra sine, men ikkje alle. Nokre barn bur saman med ein biologisk forelder og ein steforelder. Nokre barn bur med adoptivforeldre. Og nokre barn bur i fosterhjem. Fosterforeldre, adoptivforeldre og steforeldre er ikkje biologiske foreldre.

Eit barn kan få nye foreldre ifølge lova. Det heiter juridiske foreldre. Men dei biologiske foreldra er dei same.

Donor

Dersom nokon ønsker seg barn, men ikkje lagar sædceller eller egg som det kan bli barn av, kan dei få hjelp til å få barn. Dei kan få sædceller eller egg frå andre og bli gravid ved hjelp av assistert befruktning.

Ein som gir frå seg sæd eller egg, blir kalla donor. Donoren blir biologisk forelder til barnet, men har ikkje noko anna ansvar for det.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Katrine Kjærheim Fredwall
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo