Logoen til Human-Etisk Forbund. Den ser ut som en enkel menneskefigur som står med armene i været. Ved siden av figuren står det Human-Etisk Forbund.

I Noreg er humanetikken som livssyn knytt til organisasjonen Human-Etisk Forbund (stiftet 1956).

Illustrasjon
Av .

Humanetikk er eit livssyn som legg vekt på menneskas fornuft og evne til å skape eit godt liv utan hjelp frå gudar eller andre overnaturlege vesen. Humanetikk blir derfor kalla eit verdsleg (ikkje-religiøst) livssyn.

Humanetikken er bygd på humanistiske idear:

Menneskesyn

Humanisme er læra om at det frie mennesket står i sentrum. Mennesket har ei høg verdi i seg sjølv. Ifølgje humanismen er mennesket fornuftig og med vilje og evne til å gjere gode val. Ordet humanisme kjem frå human, som betyr menneskeleg. Slike ideer har eksistert langt tilbake i tid.

Etikk

Kjerna i den humanistiske etikken er at menneska skal leve slik at handlingane dei gjer kan bli ei lov for alle menneske. Litt forenkla kan ein seie at humanismen lærer at meininga med livet er å vere eit godt menneske og ta vare på menneska rundt ein. Humanetikken ønsker også et samfunn der alle er frie og kan være med å bestemme i samfunnet.

Syn på verda

Humanetikken legg stor vekt på fornufta til mennesket. Mennesket må finne ut korleis verda er bygd opp og heng saman gjennom vitenskapen og fornufta si. Dermed har naturvitskapen stor plass i det humanetiske synet på verda.

Humanetikken trur ikkje på overnaturlege forklaringar eller mytar om korleis verda blei til.

Humanisme og humanetikk

Forskjellen på humanisme og humanetikk er at humanisme blir brukt om eit meir overordna menneskesyn, som legg vekt på det gode i mennesket.

  • Humanismen er viktig for humanetikken, men det humanistiske menneskesynet finnest også i ulike religionar. Menneskerettane er bygd på humanistisk etikk.
  • Humanetikk er eit moderne livssyn som avviser alle religiøse forklaringar og modellar. Menneskene har selv ansvar for de valgene de tar i livet, og må skape gode samfunn bygget på menneskeskapte lover. Menneskerettighetene er også en viktig del av humanetikken.

Humanetikken er humanistisk, men humanetikken er berre ein liten del av humanismen.

Human-Etisk Forbund

I Noreg er humanetikken som livssyn knytta til organisasjonen Human-Etisk Forbund (HEF). Den er eit livssynssamfunn. HEF fyller mange av dei same funksjonane som religiøse trossamfunn gjer. For eksempel arrangerar dei namnefest, humanetisk konfirmasjon, bryllaup og gravferder.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Bente Groth
Religionshistoriker