Faktaboks

Edvard Munch
Fødd
12. desember 1863, Løten
Død
23. januar 1944, Aker
Edvard Munch
Foto av Edvard Munch frå 1933
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC0 1.0

Edvard Munch var ein norsk målar og grafikar. Han er ein av verdas mest kjende kunstnarar. Skrik og Madonna er blant dei mest kjende kunstverka til Munch.

Edvard Munch blir forbunde med to kunsthistoriske retningar: symbolismen og ekspresjonismen.

Då Munch døydde, arva Oslo kommune dei kunstverka som han ikkje hadde selt. Dei er no i Munchmuseet i Oslo.

Bakgrunn

Det syke barn
Det er vanleg å tolke Det syke barn som eit minnebilete. Munch si søster, Sophie, fekk sjukdommen tuberkulose og døydde i 1877. Ein trur Munch har måla ho rett før ho døydde.
Av /Nasjonalmuseet.

Edvard Munch vaks opp i Kristiania, som var namnet på Oslo på den tida. Både mora og søstera hans døydde tidleg. Det påverka Munch sterkt. Han var også mykje sjuk sjølv.

Munch tok kurs i teikning og blei sett på som ein av dei beste elevane. Likevel ville han helst lære å måle.

Først målte Munch slik det var vanleg på denne tida: naturalistisk, altså korleis ting ser ut.

Karriere

Munch ville endre kva han målte etter at han blei kjend med ei gruppe andre kunstnarar. Dei meinte at kunst måtte tyde noko for folk. I staden for daglegdagse motiv, som bilde av kvinner som strikker eller folk som les, ville Munch måle folk sine kjensler.

I naturalismen skulle ein måle menneske og natur så nøyaktig som mogleg. Måleriet Det syke barn frå 1885 viser at Munch ville endre målestilen. Han har måla meir utflytande for å få fram kjensler når ein ser på bildet.

I 1889 reiste han til Paris. Her oppdaga han ein ny måte å måle på. Linjene skulle være enkle og fargane sterke, og symbol var viktige. Stilen blir kalla symbolismen. Tidleg i 1890-åra hadde Munch utvikla ein heilt eigen stil med bua linjer og fargar som er samla i store flater.

I 1916 flytta Munch inn på Ekely i Oslo. Her budde han til han døydde i 1944.

Kunst

Skrik
Skrik fra 1893 er laga med fargestifter og ei type måling som blir kalla tempera på papp. Det heng i Nasjonalmuseet i Oslo.
Av .

Munch sin stil var ein tidleg start på den perioden i kunst som blir kalla ekspresjonismen. Ekspresjonismen ville uttrykke kjensler gjennom kunst. Mange av Munch sine måleri handla om kjærleik, seksualitet, sorg, angst og sjalusi. Han samla slike bilete i det han kalla Livsfrisen, med for eksempel Kyss, Madonna, Vampyr, Livets dans og Skrik.

I dag er Skrik eit av dei mest kjende kunstverka i verda. Det er blitt eit ikon som påverkar annan kunst og kultur, og det har til og med ein eigen emoji.

Edvard Munch dekorerte aulaen på Universitetet i Oslo, Rådhuset i Oslo og Freia sjokoladefabrikk med store målerier.

Betydning

Skrik-emoji
Dei fleste mobiltelefonar har ein versjon av Skrik-emojien. Emojien er laga etter Munch-biletet.
Skrik-emoji
Av .

Edvard Munch skapte over to tusen måleri, hundrevis av grafiske trykk og tusenvis av teikningar. Heile tida prøvde han ut nye teknikkar, men han gjentok ofte dei same motiva. Han lagde fleire versjonar av nesten alle dei kjende bileta sine.

I dag blir Munch rekna som ein av dei viktigaste kunstnarane i verda. Bileta hans er i mange store museum. Munchmuseet i Oslo har den største samlinga. Nasjonalmuseet i Oslo har mange av dei mest kjende verka hans.

I 1994 blei ein versjon av Skrik stole frå Nasjonalmuseet, og i 2004 blei versjonar av både Skrik og Madonna stole frå Munchmuseet. Alle tre blei funne og har kome tilbake.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tore Kirkholt
Førsteamanuensis i kunsthistorie, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet