En gutt med lyse linser på øynene, og lyst sminket hud.
Serien ZombieLars (vist fra 2017–2020) handler om en gutt som er halvt zombie og halvt levende. Leonard Valestrand Eike spilte rollen som Lars i serien.
Skjermbilde fra NRK
Av /NRK.

Zombie er ein fantasifigur. I filmar og bøker er det ofte ein død person som står opp att frå grava. Dei prøver å drepe eller ete dei levande. Dei kan gå og bevege seg nesten som menneske, men dei klarer ikkje å tenke. Dei lagar lyder i staden for å snakke.

Nokre zombiar er kvite eller grøne i andletet, fordi dei har byrja å ròtne. Dei har fillete klede, og går rart. Det rykker liksom i ledda på dei. Dei lagar lydar, men kan ikkje snakke.

Ordet zombie

Ordet zombie betyr ånda til ein død person. På Haiti har dei ein religion som heiter voodoo. Det er der idéen om zombiar kjem frå.

Ein kan også seie om seg sjølv eller andre at ein er heilt zombie. Då meiner ein at personen oppfører seg ekstra sløvt, eller har problem med å hugse ting.

Zombiar i kulturen

I gamle historier var det trollmenn og heksar som laga zombiar. Når desse stod opp att frå grava, måtte dei gjere alt det trollmannen ville. I nyare historier er det oftast virus som lagar zombiar.

I mange filmar spring zombiane etter folk for å ete dei. Ein bitt person kan bli til ein zombie. Slik spreier smitten seg, og vanlege menneske må flykte. Eit eksempel er den populære TV-serien The Walking Dead (2010–2022).

I ungdomsboka I morgen er alt mørkt av Sigbjørn Mostue saknar hovudpersonen Brage det vanlege livet. Det har nemleg forsvunne, på grunn av zombiane.

NRK Super-serien ZombieLars handlar om Lars som er halvt zombie, halvt vanleg menneske.

I boka Zombie Nation av Øystein Stene er det synd i zombiane, og menneska er skurkane.

Det er zombiar i mange dataspel, for eksempel Resident Evil og Call of Duty: Black ops. Ein må drepe zombiane for å komme seg vidare i spelet.

Det er populært å kle seg ut som zombie på halloween og i karneval. I fleire byar rundt om i verda kan ein bli med på zombie-vandringar. Då er det opptil fleire tusen som tek på seg zombie-kostyme og sminke, og går i gatene.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen