Bildet viser tegning av en jordklode. På jordkloden står det et tre med epler. Et eple er på vei ned mot jorden. En pil peker nedover fra eplet. Over jordkloden er det en tegning av månen med en pil til høyre og en pil nedover.

Tyngdekrafta dreg eplet ned mot Jorda. Det er også tyngdekrafta som får Månen til å gå i bane rundt Jorda.

Illustrasjon av tyngdekraften.
Av .

Vekt beskriv kor tungt noko er. Vekt blir ofte målt i kilogram (kg) eller gram (g).

Eit kilogram er lik tusen gram. Til dagleg kallar ein ofte eit kilogram for ein kilo. Ei anna vanleg vekteining er tonn. Eit tonn er tusen kilogram.

Veldig lette ting blir ofte målt i milligram (mg). Eitt milligram er eitt tusendels gram.

Måleininga hektogram (hg) er også i bruk. Det er hundre gram. Til dagleg seier ein ofte hekto i staden for hektogram.

Tyngdekrafta

At ein ting har tyngd og vekt kjem av at tyngdekrafta verkar på ho. Jordkloden trekkjer på alle ting, og tyngdekrafta gjer at alle ting trekkjer på kvarandre. Jo større ting, jo større tyngdekraft.

Månen er mykje mindre enn Jorda. Tyngdekrafta på Månen er berre ein seksdel av tyngdekrafta på Jorda. Ein ting som veg 60 kilo på Jorda, vil vege 10 kilo på Månen. Jupiter er ein planet som er mykje større enn Jorda. Der vil den same tingen vege 152 kilo.

I fysikk skil ein mellom tyngd og masse. Her måler ein tyngd med ei eining for kraft som blir kalla newton, medan masse blir målt med gram og kilo. I dagleglivet skil ein ikkje mellom tyngd og masse på same måte.

Historie

Et lodd inne i en glassklokke.

Kopi av loddet i Paris frå 1889. Det originale loddet ligg innelåst i ein kvelv.

Illustrasjon av lodd.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Tidlegare blei måleininga kg definert som vekta av eit bestemt lodd som blei oppbevart i Paris. Noreg og mange andre land hadde ein kopi av dette loddet.

I dag blir ein kilo definert ved hjelp av moderne fysikk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet