Teikning av troll som leikar med ein gut. Trollet har band for auga og krasjar i eit tre som knekk.
'Hau, hau, det skulle troll være blindebukk lenger!' skrek trollet er teksten som høyrer til denne teikninga. Teikninga er laga av kunstnaren Theodor Kittelsen. Han teikna mange troll og andre vesen frå eventyr.
Teikning
Av /Nasjonalmuseet.

Troll er overnaturlege vesen. Overnaturleg betyr at det ikkje er bevis for at dei finst. Mange historier om troll kjem frå gamal folketru, og det er troll med i mange norske eventyr.

Beskriving

Troll i eventyra er ofte store. Når dei går i skogen, ristar bakken. Nokre er så store og så gamle at det veks gras, mose og tre på hovuda deira. Dei fleste troll har berre eitt hovud, men nokre har fleire.

Det er ikkje lett å vite om troll er menn eller kvinner. I nokre eventyr er det trollkjerringar, kvinnelege troll. Dei sju søstrer er eit slikt eventyr.

Oskeladden er ein helt i fleire eventyr. Han klarer å lure trolla, fordi han er smart. Men det er også fordi trolla er dumme. Troll blir skildra som sterke. Dei kan løfte og kaste veldig tunge ting. Eventyr med troll handlar ofte om at dei kranglar med menneske. Troll og menneske kan for eksempel vere ueinige om kven som eig skogen.

I nokre eventyr vil trollet ete mennesket. I fantasy-boka Hobbiten av J.R.R. Tolkien, har troll tenkt å ete hovudpersonen Bilbo. Han kjem seg unna fordi dei kranglar så lenge om korleis dei skal ete han, at sola går opp. Om sola skin på troll, blir dei til stein. Nokre trur at eventyra med troll blei laga for å forklare kvifor det er så mange fjell her i landet.

Der trolla bur

Dei fleste troll bur for seg sjølve. Om dei treff kvarandre, blir det ofte berre krangling.

Troll bur i skogen, eller inne i fjellet. Nokre har ei hemmeleg, stor dør i fjellet, ei dør som berre trollet kan opne. Inne i fjellet har trollet ofte samla skattar og gull.

I eventyret Oskeladden som kappåt med trollet blir Oskeladden med trollet heim, inn i fjellet. Der lurer han trollet til å drepe seg sjølv. Etterpå tek han med seg mange av skattane og gullet som er der inne.

Troll i dag

Ein kjempestor figur av eit troll, som er inngangen til ein restaurant i Hunderfossen. Trollet er cirka seks gongar så stort som turistane som står foran det.
Trollet i Hunderfossen Eventyrpark er populært hos turistar og andre som kjem til parken. Det er også med i filmen Troll frå 2022.
Foto av trollet på Hunderfossen
Av /NTB.

Det er laga fleire populære filmar om troll. Eitt eksempel er den norske Netflix-filmen Troll frå 2022. I filmen blir eit troll som har sove inne i eit fjell i mange år, vekt av menneske som skal bygge ein tunnel. Trollet er stort og sterkt, men ikkje eigentleg så slemt.

Figurar av troll er populært blant turistar i Noreg. Mange butikker sel små troll dei kan kjøpe og ta med heim. Stader som får besøk av mange turistar, har ofte store figurar av troll nær inngangen.

Troll på nett

I dag bruker ein gjerne ordet troll om folk som skriv stygge kommentarar om andre på internett, utan å bruke sitt eige namn. Ein seier også at det finst troll-fabrikkar. Det er stader der folk har som jobb å lage feil informasjon og spreie han på internett.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Margrethe Løøv
Førsteamanuensis i religionsvitenskap, NLA Høgskolen