Utskjæring i tre. To figurar på kvar sin side av eit bål. Sigurd, til høgre, held ein stong med noko tredd på, over bålet. Den andre figuren helt eit sverd.
Utskjæring frå portalen i gamle Hylestad stavkyrkje, som viser sagnet om Sigurd Fåvnesbane. Fåvne er eit gamalt ord for drage, og å bane kan bli brukt om det ein dør av. I sagnet drep Sigurd (til høgre på portalen) ein drake. Når han steiker hjartet og får drakeblod på leppa forstår han kva fuglane sier.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Kartet viser Noreg frå Sør-Noreg til og med Trøndelag. Det er markert kor det står stavkyrkjer.
Stavkyrkjer i Noreg som fortsatt står. Kyrkjene på Gol, Garmo og i Haltdalen er flytta frå plassen dei stod på til museum.
Kart over stavkyrkjer i Noreg
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Stavkyrkjer er ein type kyrkje av tre som blei bygde i Noreg i middelalderen. Dei eldste som framleis står, er frå 1100-talet. Dei er snart tusen år gamle, og er dei eldste kyrkjene som er bygd av tre i verda.

Norsk kulturarv

Det er i Noreg stavkyrkjene finst. I Sverige og Storbritannia finst eit par kyrkjer som er bygde på liknande vis. Derfor blir dei rekna som ein historisk skatt som Noreg må ta vare på. Dei syner at folk klarte å byggje både godt og vakkert for lenge sidan.

Under romantikken på 1800-talet la ein merke til kor spesielle stavkyrkjene var. Då starta ein å ta betre vare på dei. Slik blei mange kyrkjer redda frå å bli rivne.

Det blei bygd minst 750 stavkyrkjer i Noreg. Berre 28 av dei står framleis slik dei blei bygd. Dei fleste av desse er i Sogn, Valdres og Numedal. Det står stavkyrkjer på museum i Oslo, Lillehammer og Trondheim. Desse stavkyrkjene er flytta frå andre stader til museet.

Utskjæringar og maling

Stavkyrkjene er pynta med vakre figurar som er skore ut i treverk. Dette blir kalla treskurd. Treskurden kan ha veldig mange detaljar som er små og nøyaktig utforma.

Treskurden kan syne dyr og dragar, eller romantiske motiv som ranker med greiner. Nokre av symbola er kjende frå før kristen tid. Figurar frå vikingtida er blanda med førestillingar frå kristendomen.

Byggemåte

Stavkyrkjene er bygde av furu, med tak av trespon. Taka ligg i etasjar over kvarandre. Treet ser mørkt ut fordi utsida er behandla med tjære. Det blei gjort for at dei skulle vare lenge.

Stavkyrkjene har namn etter måten dei er bygd på. Det er dei ståande stavane som held taket oppe. Stavane er store trestammer som ein kan sjå inne i kyrkja. Veggane og taket er festa til desse stavane.

Kyrkjene har stått så lenge fordi dei er laga med ein solid teknikk. Dei skil seg frå bygg i andre land frå same tid. Difor trur ein at dei er bygde etter ein eldre norsk tradisjon. Andre hus må ha blitt bygde med same teknikk på same tid i Noreg. Til dømes finst framleis stav-løer, som er ein type låve.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • middelalderen
  • arkitektur
  • kyrkje
  • middelalderen – kunst i Norge

Faktasjekk av

Erik Opsahl
Professor i historie, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet