en ung mann som står bak et bord med en datamaskin og høytalere på siden.

Magnus August Høiberg, betre kjent som Cashmere Cat, er ein norsk musikkprodusent som har gjort det godt i utlandet.

Foto av Magnus August Høiberg.
Av /NTB.
Foto av Timbaland.

Timbaland er ein av dei mest kjende produsentane innan hiphop og popmusikk.

Foto av Timbaland.
Av /𝒲.
Lisens: CC BY 2.0

Ein produsent i musikk har ansvaret når musikk skal spelast inn til plate eller strøyming. Produsenten bestemmer korleis musikken skal høyrast ut når han er ferdig.

Produsenten gir instruksjonar til musikarane og artisten som speler musikken. Produsenten og artisten jobbar ofte tett saman.

Oppgåver

Produsenten kan ha mange ulike oppgåver:

  • velje ut musikken som skal spelast inn
  • bestemme på kva måte musikken skal spelast
  • gjere opptak i lydstudio
  • hjelpe artistane med korleis dei skal spele eller syngje når dei skal ta opp i lydstudio
  • redigere musikken etter at han er teken opp

Noen produsentar gjer alle desse oppgåvene, medan andre berre gjer nokre av dei. Mange artistar er sjølv produsentar og produserer sine eigne plater. Nokre artistar er produsentar for andre artistar.

Sjangre

Mykje musikk som blir laga i dag er elektronisk musikk. Det vil seie at musikken er laga på elektronisk utstyr, for eksempel ei datamaskin. Popmusikk, rap og hiphop er ofte laga på denne måten, og her er produsenten viktig.

Det er mange produsentar som er kjende for å produsere popmusikk som høyrest ut på ein spesiell måte. Sjølv om artistane er ulike, kan ein høyre på musikken at dei har brukt same produsent. Produsenten kan også komponere musikk.

I rap og hiphop lagar produsenten ofte først den musikken som ligg under, det som blir kalla beats. Etterpå vel artisten ut ein beat og rappar eller syng oppå det.

Arbeidsplassar

Produsentar kan jobbe med musikk mange ulike stader. Dei kan jobbe i platestudio og plateselskap, i orkester, og for musikkfestivalar eller konsertstader.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Even Ruud
Professor emeritus, Universitetet i Oslo