Maleri av ein mann med langt, krøllete, kvitt hår og klær med mykje pynt på. Han held eit hefte i handa.

Georg Friedrich Händel var ein av dei mest kjende komponistane i historien. Han skreiv fleire kjende oratorium.

Maleri av Georg Friedrich Händel, 1749.
Av .

Oratorium er ein type stort musikkstykke for solistar, kor og orkester. Eit oratorium er ulikt frå ein opera på den måten at det ikkje har skodespel, kulissar eller kostyme. Det blir framført som ein konsert. Handlinga blir fortald av ein forteljar.

Oratorium har oftast eit religiøst tema, gjerne henta frå Bibelen. Det mest kjende oratoriet er Messias, som blei skrive av Georg Friedrich Händel. Han var ein komponist i barokken.

Det finst også oratorium som ikkje er religiøse.

Anna bruk av ordet

Ordet oratorium kan også bety eit bønnerom, altså eit lite rom der ein kan be i fred eller saman med nokre få andre.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet