Foto av bokside.

Perioden ein i norsk språkhistorie kallar mellomnorsk, er på slutten av den historiske perioden mellomalderen. Biletet viser ei side frå Aslak Bolts jordebok frå 1432-33. I ei jordebok blei det skrive ned oversikt over gardar og jorde og avgifter og plikter som var knytte til dei. Jordebøker er viktige kjelder både til språk og historie frå perioden.».

Foto av bokside.
Aslak Bolt/Handbok i norrøn filologi..

Mellomnorsk er språket som blei brukt i Noreg frå om lag 1350 til 1525. Mellomnorsk tok over etter norrønt og utvikla seg vidare til moderne norsk.

Frå denne perioden kan forskarar sjå utviklinga av språket godt, fordi det finst mange tekstar dei kan lese.

Svartedauden endra skriftspråket

I den mellomnorske perioden endra skriftspråket seg mykje. Det var mellom anna fordi dei fleste som kunne skrive, døydde av svartedauden. Svartedauden var ein pandemi som varte fra 1346 til 1353. Både kunnskap og tradisjonar gjekk tapt. Nye menneske lærte å skrive, og dei skreiv litt annleis enn før. Dei skreiv oftare slik dei snakka.

Litt etter litt blei dette norske skriftspråket erstatta av dansk. Det var fordi Noreg gjekk i union med Danmark i 1380. Frå byrjinga av 1500-talet var norsk skriftspråk stort sett bytta ut med dansk. Nesten alle snakka norsk, men dei som kunne skrive, skreiv på dansk.

Talespråk

Før den mellomnorske perioden var språket norrønt. I den mellomnorske perioden endra talespråket seg mykje. Språket blei enklare.

Endringa skjedde på ulike vis og i ulikt tempo rundt om i landet. Slik vaks det fram ulike talemål, det vil seie dialekter. Dei utvikla seg til den forma dei hadde heilt fram til på 1800-talet.

Det norske språket etter 1536 blir kalla moderne norsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo