Universets innhald

Mørk energi 68
Mørk materie 27
Vanleg materie 5
Kilde: Planck-samarbeidet (2018)

Mørk energi er ein type energi som fyller heile universet. Mørk energi er ikkje synleg fordi det ikkje sender frå seg lys. Det er derfor han blir kalla mørk.

Åtferd

Mørk energi oppfører seg som ei motsett tyngdekraft. I staden for å trekkje ting nærmare kvarandre, dyttar den tingen frå kvarandre.

Astronomar veit ikkje kva den mørke energien eigentleg er for noko. Dei trur likevel at den finst. Det er fordi den mørke energien kan forklare kvifor universet er som det er og oppfører seg som det gjer. Astronomar trur til dømes at det er den mørke energien som gjer at universet utvidar seg stadig fortare.

Innhaldet i universet

Mørk energi er den tingen det finst mest av i universet. Det er derfor veldig viktig for astronomar å finne ut kva dette er for noko.

Det finst også mørk materie og vanleg materie. Alt som omgir menneske til dagleg er laga av vanleg materie. Stjernene i Melkeveien og planetene i solsystemet er også laga av vanleg materie.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo