Foto av voksen logoped som viser med munnen hvor tungen skal være når man lager en lyd. Ung jente hermer.
Logopeden lærer eleven sin korleis ein snakkar eller lagar bestemte lydar. Så må eleven øve.
Foto av logoped og barn som lagar lydar
Av /Shutterstock.

Logoped er ein person som hjelper andre med å få betre tale og språk og til å kommunisere betre.

Oppgåver

Det finst mange ulike grunnar til å gå til logoped. Ein logoped kan til dømes hjelpe med:

  • stamming
  • å seie bestemde bokstavar, for eksempel r
  • svak stemme etter sjukdom
  • problem med å ete eller svelgje
  • problem med å snakke etter å ha hatt til dømes hjerneslag eller om ein har Parkinsons sjukdom

Logopedar brukar øvingar og spel for å trene opp den dei hjelper. Dei jobbar anten med folk åleine eller i grupper.

For å få time hos ein logoped må ein først gå til ein lege eller PPT. Det er ikkje mogleg å bestille time eller møte opp direkte hos ein logoped.

Arbeidsplassar

Logopedar arbeider ulike stadar, som til dømes:

Utdanning

For å bli logoped må ein studere i fem år ved høgskule eller universitet.

Logoped er ikkje ein beskytta tittel. Dei treng ikkje å bli godkjende av staten slik som til dømes ein lege. Derfor er ikkje logopedar helsepersonell.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Geir Sverre Braut
Professor, Høgskulen på Vestlandet