Foto av bein, overkropp og armer på to landhockeyspillere. De har drakter som tyder på at de er på forskjellige lag. De er i fart og holder køller i hendene. Den ene lener seg mot den andre i det som virker som et forsøk på å få kontroll over ballen.
To landhockeyspillere kjemper om ballen.
Landhockey-spillere
Av /Shutterstock.

Landhockey er eit ballspel blir spelt utandørs mellom to lag. Landhockey blir spelt med køller som liknar på bandykøller. Det laget som skårar fleire mål enn motstandaren vinn kampen.

Spelarane skårar mål ved å bruke kølla til å skyte ballen i målet til motstandaren. Ballen er liten og rund.

Landhockey er ein av dei største ballidrettane i verda og blir spelt i rundt 100 land.

Bane og utstyr

Ein landhockeybane har oftast kunstgras og er rundt 90 meter lang og 55 meter brei. Landhockey blir også spelt på gras, grus eller asfalt. Det er to mål, eitt mål på kvar kortside av banen.

Landhockeykøllene er bua nedst der spelarane skyt. Køllene er ofte laga av tre eller karbon. Ballen er laga av gummi.

Utespelarane bruker ei idrettsdrakt som kan likne på ei fotballdrakt. Målvakta har hjelm, munnvernar, vernebukse og leggskjener for å verne seg under spelet.

Spelet

Ein vanleg landhockeykamp varer i fire omgangar på 15 minutter, med pauser i mellom. Eit lag har ti utespelarar og ei målvakt på banen samtidig.

For å unngå farleg spel er det mellom anna forbode å spele ballen med kølla over skulderhøgd

I nokre turneringar blir det ekstraomgangar om det er uavgjort etter vanleg speletid. Om det framleis er uavgjort, kan kampen avgjerast på straffeslagkonkurranse.

Reglar

Ein landhockeykamp blir leidd av to dommarar, som har ansvar for kvar sin banehalvdel.

Målvakta har lov til å ta ballen med hendene i målområdet. For utespelarar er det forbode å sparke ballen eller å stoppe han med kroppen. Det er heller ikkje lov til å hekte motspelarar med kølla.

Når ein spelar bryt reglane kan det andre laget få frislag eller straffeslag. Ved frislag må alle motspelarar stå minst 5 meter frå ballen. Straffeslag blir dømt når klare målsjansar blir øydelagde. Ved meir alvorlege regelbrot kan ein spelar bli utvist i to, fem eller ti minutt.

Historie

Spel som likna på landhockey blei spelt allereie for fleire tusen år sidan i Kina, Egypt og Pakistan. Moderne landhockey blei oppfunnen i Storbritannia på midten av 1800-talet.

Utover på 1900-talet blei landhockey veldig populært i Pakistan og India. Desse landa vann alle OL-gulla frå 1928 til 1968.

I 1986 blei landhockey ein del av Norges bandyforbund. Mange som speler landhockey i Noreg har bakgrunn frå Pakistan eller India.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby