Ultralydbilete av foster i livmora

Medan mora er gravid, er det vanleg å undersøke fosteret med ultralyd. Då kan ein sjå inn i magen utan å skjære hull. Bileta blir ikkje like tydelege som fotografi, men ein kan sjå hovudet, armane, beina og at hjartet slår.

Ultralydbilete av foster i livmora
Av /Shutterstock.

Foster er det ei gravid kvinne har i magen, som skal bli til ein baby.

Eit foster blir til når ei eggcelle og ei sædcelle smeltar saman. Dette heiter befruktning, og eggcella blir kalla eit befrukta egg. Det befrukta egget festar seg til veggen i livmora til kvinna, då er kvinna gravid. Det befrukta egget deler seg mange gongar og lagar ein klump med celler. Dei første sju vekene blir denne celleklumpen kalla for embryo. Etter kvart utviklar embryoet hovud, armar og bein og så vidare.

Etter åtte veker, blir embryoet kalla eit foster. Det veks inne i livmora i omtrent sju månader til, før det blir fødd. Når fosteret er fødd, blir det kalla ein baby. Det tek rundt ni månader frå eit egg blir befrukta til fødselen. Av og til kjem fødselen tidlegare, andre gongar seinare.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Blix
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet