Bokomslaget viser en ung jente som sitter foran en vegg. På siden er det en håndlaget plakat hvor det står på svensk skolstrejk för klimatet.
Boka til Greta Thunbergs har tekstar som kan kallas essays.
Foto av bokomslag, Streik for klimaet.
Av .
Foto av Montaignes essay.

Biletet viser manuskriptet til eit av Montaignes essays. Forfattaren har skrive notat for hand ved sida av den trykte teksten.

Essay er ein kort tekst om ei sak eller eit tema forfattaren er spesielt oppteken av. Essay handlar ofte om tankane og meiningane til den som skriv essayet.

Essayet er ein sjanger som høyrer til sakprosaen.

Den som skriv essay, blir kalla essayist.

Kjennetegn

Eit essay kan handle om kva som helst, men ofte handlar det om noko som er aktuelt og personleg.

Eit essay kan likne litt på ein gåtur. Lesaren følgjer tankane til essayisten i ulike retningar. Målet er ofte ikkje å finne eit svar, men å vise ulike sider av ei sak.

Essay kan likne på kåseri. Men kåseri er meir munnleg og morsomt. Essay har alltid vore skriftleg.

Essay for vaksne

Han som fann opp essay som sjanger var Michel de Montaigne. Han var ein fransk forfattar som levde på 1500-talet. Han skreiv mellom anna om tema som einsemd, søvn, vennskap og barn. Det var ein heilt ny måte å skrive på. Montaigne har hatt stor påverking på seinare forfattarar. I Noreg skriv til dømes forfattarar som Marit Eikemo, Karl Ove Knausgård og Yohan Shanmugaratnam essayer om tema i si eiga tid.

Essay for barn

Dei fleste essay er skrivne for vaksne, men ikkje alle. Greta Thunberg er ein svensk klimaaktivist som har halde taler for både barn, unge og vaksne. Talane hennar handlar om kva ho meiner vaksne må gjere for å ta klimakrisa på alvor. Mange av talane hennar liknar essay og er samla i boka Streik for klimaet (2018).

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Fred Huvenes