Dronning Sonja har en stor tiara med grønne steiner, rødt ordensbånd over en lys grønn kjole og en medaljong med bilde av kong Harald 5.
Dronning Sonja av Norge.
Portrett av dronning Sonja
Av /Det kongelige hoff.

Dronning er ei kvinne som leiar ein stat med monarki som styreform, eller ei kvinne som er gift med ein konge. Ei dronning som leiar ein stat blir kalla monark, som er ein type statsoverhovud.

Retten til å vere dronning og statsoverhovud, går som oftast i arv. Det heiter å arve tronen. Den som skal bli dronning og statsoverhovud er tronarving. For eksempel skal prinsesse Ingrid Alexandra arve den norske tronen etter kvart.

Dronning Elizabeth 2. av Storbritannia arva den britiske tronen av sin far kong Georg 6. Då ho døydde i 2022, blei sonen Charles konge.

Dronning Sonja av Noreg er dronning fordi ho er gift med kong Harald. Ho er ikkje statsoverhovud.

Ein mann som leiar eit monarki kan for eksempel kallast konge eller fyrste.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Universitetet i Sørøst-Norge