En person med turban knyttet rundt hodet står sammen med en liten flokk sauer.
En palestinsk beduin-kvinne med sauene sine i landsbyen Al-Eizariya på Vestbredden.
Fotografi av beduin og sauer
Av /NTB.

Beduinar er nomadar som lever i Syria, Jordan, Israel, Irak og nord i Afrika. Dei har ofte kamelar, sauer og geiter. Dei flyttar mellom ulike stader gjennom året så dyra skal få dekka behova for beite og vatn.

Beduinar snakkar arabisk. Dei fleste beduinar er muslimar, men det er også mange som er kristne.

Det er berre ein liten del av befolkninga i landa som er beduinar. Talet har gått veldig ned sidan midten av 1900-talet. Den beduinske kulturen er ulik frå land til land. Sjølv om mange no har slutta å leve som nomadar, så har dei teke vare på kulturen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Stener Ekern
Professor emeritus, Universitetet i Oslo