Fotografi
Skyer på Neptun fotografert av romfartøyet Voyager 2 i 1989.
Illustrasjonen viser de åtte planetene i solsystemet. Sola er til venstre, og helt til høyre er Neptun.

Neptun er den 8. planeten i solsystemet, viss ein tel frå Sola. I denne teikninga er ikkje avstandane og storleikane rette.

Illustrasjon
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Fotografi

Neptuns ringar lyser veldig svakt. Lyset frå Neptun er dekt til i dette biletet for at det skal vere mogleg å sjå ringane.

Fotografi
Av .

Neptun er den ytste planeten i solsystemet. Den er ein gassplanet. Om ein tel frå Sola, er Neptun den åttande planeten. Neptun er den fjerde største planeten i solsystemet.

Neptun er den einaste planeten i solsystemet som ikkje er synleg frå Jorda utan kikkert. I eit teleskop ser Neptun ut som ei lita, blå skive. Neptun blei oppdaga ved hjelp av teleskop i 1846.

Utsjånaden til Neptun

Neptun er nesten fire gonger større enn Jorda.

Neptun er blå i fargen. Fargen kjem av at det er mykje av gassen metan i atmosfæren til Neptun. I atmosfæren er det også kvite skyer.

Banen til Neptun

Avstanden mellom Neptun og Sola er omtrent 30 gonger så lang som avstanden mellom Jorda og Sola. Neptun er 4,5 milliardar kilometer frå Sola.

Neptun går i bane rundt Sola. Planeten bruker 165 år på heile runden. Neptun snurrar også rundt seg sjølv. Derfor har han døgn, akkurat som på Jorda. Eit døgn på Neptun varer 19,2 timar. Det er ikkje så annleis frå eit døgn på Jorda, som er omtrent 24 timar.

Neptun er vippa over på sida med ein vinkel på 28 grader når han roterer rundt seg sjølv. Dette er nesten likt som på Jorda. Dette gjer at Neptun har ulike årstider, på same måte som Jorda.

Månane og ringane til Neptun

Neptun har 14 månar. Den største heiter Triton. Triton er nesten like stor som Månen.

Neptun har ringar rundt seg, men dei er veldig svake og vanskelege å sjå.

Besøk på Neptun

Det har aldri vore menneske på Neptun. Romfartøyet Voyager 2 flaug forbi Neptun i 1989. Voyager 2 er det einaste romfartøyet som har vore i nærleiken av Neptun. Voyager 2 studerte også månane og ringane til Neptun.

I dag blir Neptun studert med teleskop på bakken på Jorda og i verdsrommet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo