Den offisielle logoen til Den norske filmfestivalen.
.

Den norske filmfestivalen er Noregs eldste filmfestival. Den blir arrangert kvar haust. Amandaprisen blir delt ut på denne festivalen.

Sidan 1987 har han vore i Haugesund i Rogaland, derfor blir han også kalla Filmfestivalen i Haugesund.

Festivalen

På Den norske filmfestivalen får publikum sjå filmar fra både Noreg og utlandet, og møte folk som lagar film i Norden. Festivalen er og ein stad for å diskutere film som fag og filmpolitikk.

På festivalen blir det vist spelefilmar som ein håper og trur at norske kinoar kjem til å vise. Filmane blir valde ut frå kor gode dei er. Det er leiinga i festivalen, saman med dei som sel og sender ut film i heile Skandinavia, som vel ut filmane.

I 1995 starta festivalen New Nordic Films. Det er ein del av festivalen som skal vise fram nordiske filmar. Kvart år kjem det mange hundre deltakarar frå heile verda. Dei får sjå og lære om nye nordiske filmar. Filmfolk frå dei ulike landa kan avtale å lage filmar saman.

Amandaprisen

I 1985 byrja festivalen å dele ut Amandaprisen. Først var det ein pris for både film og TV. No blir det berre delt ut prisar for film.

Amandaprisen blir delt ut i mange ulike kategoriar. Nokre av dei er:

  • Beste norske kinofilm
  • Beste barnefilm
  • Beste regi
  • Beste dokumentarfilm
  • Beste utanlandske kinofilm
  • Beste skodespelar i ein hovudrolle
  • Beste skodespelar i ei birolle

I tillegg kjem prisen Folkets Amanda. Då er det publikum som stemmer på kven som skal vinne.

Dei som vinn pris får ein liten statue som er laga av kunstnaren Kristian Kvakland.

Prisutdelinga blir kalla Amandashowet og blir send på TV.

Historie

Festivalen blei starta i 1973. Den første gongen var han i Drøbak i Akershus.

Dei første åra flytta festivalen mellom fleire norske byar. Frå 1987 blei Haugesund den faste byen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sveinung Wålengen