Faktaboks

subtraksjon

å trekke fra, minus

Illsutrasjon av subtraksjon.

Tala før minusteiknet er ledd. Talet etter likskapsteiknet er differansen.

Illsutrasjon av subtraksjon.
Av .

Subtraksjon er ein måte å rekne på, der ein trekk eit tal frå eit anna tal. Symbolet for subtraksjon er minus, −.

Resultatet av ein subtraksjon blir kalla differansen.

Reknestykket 7 − 3 = 4 blir lese slik: 7 minus 3 er lik 4. I eksempelet er differansen 4.

Subtraksjon er ein av dei fire reknemåtane (rekneartane). Dei andre er addisjon, multiplikasjon og divisjon.

Subtraksjon og addisjon er motsette rekneartar. Til dømes er 7 − 3 = 4 fordi 4 + 3 = 7.

Minusteiknet blir også brukt for å skrive negative tal, det vil seie tal som er mindre enn null.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet