Ein stengel er ein del av planter. Stengelen leiar vatn frå røtene og ut til blada. Stengelen sørgjer òg for at blad, blomar og frukt kjem opp frå bakken.

Vanlegvis finst heile stengelen til planta over bakken, men det finst òg underjordiske stenglar. Stengelen kan vera saftig og mjuk, som hos løvetann, eller hard og vedaktig som hos gran. Slike harde stenglar blir kalla stammar.

Funksjon

Stengelen si viktigaste oppgåve er å leie vatn og næringsstoff. Inni stengelen er det i dei fleste planter tynne røyr som går gjennom heile stengelen. Desse vert kalla leiingsstrengar. Gjennom desse vert vatn og næringsstoff frakta frå røtene og opp til dei delane av planta der fotosyntesen skjer. Mosar har ikkje leiingstrengar.

Utvikling

stenglar med litt jord og nye planter
Skvallerkål er ei plante som kan ha lange jordstenglar. Frå jordstenglane kjem det opp nye planter. Skvallerkål kan spre seg utover nesten som eit teppe.
Foto av jordstengler fra skvallerkål.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Stenglar veks meir i lengda enn i breidda, og strekk seg oppover. Nokre planter har stenglar som berre veks i toppen. Andre planter kan vekse fleire stadar samstundes. Stengelen til gras har nokre fortjukkingar som vert kalla leddknutar. Veksten til stengelen skjer over desse. Dette gjer at dei kan vekse ut att om dei vert beita eller om graset vert klippa så lenge det skjer over leddknuten.

I planter med vedaktig stamme, vert det danna ny ved kvart år. Desse vert kalla årringar. Når eit tre vert hogga, blir desse synlege som ringar som ligg inni kvarandre.

Underjordiske stenglar

tett i tett med trestammer
Bjørk er eit tre som er lett å kjenne igjen på dei kvite stammene. Trestammene er stengelen til treet.
Foto av bjørkestammer
Av /Unsplash.

Hos nokre planter vert det danna underjordiske stenglar, kalla jordstenglar. Nokre av desse kan slå rot og sende opp nye stenglar. Dette er ein viktig måte å formeire seg på hos planter. Kvitveis har slike jordstenglar og dei nye skota frå stengelen er grunnen til at planta ofte finst i store matter.

Fleire planter som vert sett på som ugras har underjordiske stenglar. Desse gjer at ei plante rakst kan dekke store områder. Skvallerkål er eit eksempel på ei slik plante.

Bruk

Nokre planter vert dyrka på grunn av stenglane. Rabarbra og selleri er stenglar som vert nytta til mat. Ulike tre vert dyrka for stammene som mellom anna nyttast til trelast, til ved og til papir.

Lange fiber frå plantestenglar kan nyttast til å lage tekstilar og tau. Lin, hamp og jute vert dyrka for dette.

Nokre planter har godt utvikla underjordiske stengler som ein kan nytte til mat. Potet og lauk er døme på dette.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet