Foto av årringar i eiketre

Ved å telje dei mørke ringane, kan ein finne ut kor gamalt dette treet blei.

Foto av årringar i eiketre
Av /Shutterstock.

Årringar er ringar ein kan sjå i stammen til tre og buskar når dei er saga over.

Stammane til tre og buskar blir tjukkare kvart år dei lever. Ein årring er den mengda treverk som stammen har vakse med på eitt år. Det nye treverket som blir laga om våren er lyst, medan treverket som blir laga om sommaren er mørkare. Det gjer det lett å sjå kor mykje treet har vakse på eit år.

Ved å telje årringar, kan ein finne ut kor gamalt eit tre eller ein busk er.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lars Sandved Dalen
Dr. scient., NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi