Rusmiddel er eit stoff som kan endre korleis ein opplever verda og kan endre kjenslene i kroppen. Nokre rusmiddel kan gjere at ein blir gira, medan andre kan gjere at ein blir roleg. Slike kjensler i kroppen blir kalla rus. Mange stoff kan gi rus, og rusen kan vere sterk eller svak.

Nokre svake rusmiddel er lovlege å bruke. Eit døme er koffein, som finst i mellom anna kaffi, cola og energidrikk.

Mange rusmiddel er skadelege for kroppen. Difor er det strenge reglar for å kjøpe, selje og bruke dei. Nokre av desse er det lov å bruke dersom ein er over 18 år, som alkohol eller nikotin. Nikotin finst i røyk og snus. Andre typer rusmiddel kan ein få bruke som medisin. Då må ein først få resept av ein lege.

Nokre rusmiddel er så farlege å bruke at dei er ulovlege. Desse blir kalla narkotika. Døme er heroin, kokain og cannabis.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • rus

Faktasjekk av

Anne Line Bretteville-Jensen
Seniorforsker, dr.polit., Folkehelseinstituttet