Foto av byste

Ein skulptur som berre viser hovudet og litt av skuldrene, blir òg kalla ei byste. Denne bysta førestiller språkforskar Ivar Aasen. Han er støypt i bronse. Skulpturen er eit portrett av Aasen, som blei laga av bilethoggaren Augusta Finne i 1896.

Foto av byste
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Portrett er å vise fram ein person i eit kunstverk. I eit portrett er personen som blir vist fram det viktigaste. Eit portrett kan for eksempel vere eit måleri, eit fotografi eller ein skulptur.

Når ein person blir intervjua om seg sjølv, heiter det portrettintervju. Det kan for eksempel gjerast på video, podkast eller som tekst. Ein kan óg lage portrett som dokumentarfilm eller som bøker, då blir det ofte kalla biografi.

Personen

Eit portrett skal vise ein person. Som oftast vil kunstnaren seie litt meir med kunstverket enn berre korleis personen ser ut. Kunstnaren kan prøve å seie noko om korleis personen er, kva hen er kjend for eller driv med.

Karikatur

Kunstneren kan overdrive nokre trekk hos personen. Det kan for eksempel vere auga, nasen eller måten personen står på. Når kunstnaren overdriv så mykje at det blir komisk, blir portrettet kalla ein karikatur.

Sjølvportrett

Når nokon lagar eit portrett av seg sjølv, heiter det sjølvportrett.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Tore Kirkholt
Førsteamanuensis i kunsthistorie, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet