Målføre er det same som dialekt. Vi kan for eksempel seie «dei norske målføra» eller «dei norske dialektane» — og meine akkurat det same.

Målføre er ikkje det same som målform. Med målformer meiner vi dei to offisielle norske språka bokmål og nynorsk.

Mange tenkjer på bokmål og nynorsk først og fremst som skriftspråk, men dei blir også brukt som talespråk. For eksempel heiter det i språkreglane til NRK at minst 25% av det som blir sagt i radio og TV, skal vere på nynorsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo